Møre Folkehøgskule Sommarhostel

Overnatting

Møre Folkehøgskule sommarhostel held ope frå medio mai til slutten av august.

Vi tilbyd overnatting og servering for grupper i samband med arrangement. Skal du arrangere kurs/seminar, bryllaup, kurs, eller ha ei anna fering? Møre Folkehøgskule har lokalar og gode tilbod som kan tilpassast ditt behov. Vårt kjøkken tilbyr skreddarsydd catering for ulike behov. Vi har stor fleksibilitet og kan tilpasse menyen etter behov.

Nærområdet byr på mange gode muligheiter for utflukter og turar. Sunnmørsalpane er vel kjende for store og små naturopplevingar. Alt frå det enkle og koselege til det dramatiske og spektakulære.

Møre Folkehøgskule ligg sentralt plassert på Sunnmøre for dei som ynskjer utflukter til m.a. Geiranger, Ålesund eller Runde.  Sommarhostellet ligg rett ved Ørsta Sentrum med handlegate og kjøpesenter.

Møre Folkehøgskule tilbyrskreddarsydd catering for ulike behov. Stor fleksibilitet, og menyen kantilpassast etter behov.

Selskapslokale og catering

Skal du arrangere kurs, seminar og bryllaup eller feire noko anna, har Møre Folkehøgskule veleigna lokale og gode tilbod, som kan tilmåtast ulike behov. Skulen er open frå medio mai til slutten av august.

 

 Tlf. +47 700 41 999

Foto: Møre Folkehøgskule

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.