Åmås Events

På Åmås like ved Høgebrua ligg Åmås Events. Her finn du landleg idyll i sentrum av Sunnmørsalpane.  

Her er det eit tun med ei grindløe frå 1800 talet. Løa er ombygd til eit populært selskapslokale og kan ta imot inntil 80 gjester. Ved konsertar er det plass til 175 personar. Makskapasiteten for sitjeplassar og bord inne i løa er 80 personar. I løa er det scene, romsleg dansegolv, bar, lydanlegg, projektor og lerret, lounge, kjøken og toalett. Det er lagt tilrette for aktivitetar og grilling på uteområdet nedanfor tilbygget. Cateringleveranse eller eigen kokk på tunet vert ordna med hjelp frå samarbeidspartnarar etter ynske.

Gjestegarden har i tillegg oppført ei tømmerstove ved den gamle grindløa. Huset vart flytt frå Ose i Ørsta til Åmås i 2018. I det koselege huset kan me innkvartere inntil 14 gjester. Me tilbyr overnatting både i samband med arrangement og om du berre treng avkopling og hyttekos i herlege omgjevnader.

Både løa og gjestehuset er tilrettelagde for rørslehemma.

Me har ope heile året. 

Badeplass (Bruahølen) ligg 10 minutts gange frå gjestehuset.

‍Ta kontakt for ulike alternativ.

Tlf. +47 902 07 748
Foto: Einar Åmås, Åmås Events.

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.