Bulyst

Bulyst i Ørsta/Volda

I hjartet av Sunnmørsalpane finn du kommunane Volda og Ørsta, begge omkransa av ein magisk natur. Her kan du bu landleg og likevel sentralt med tanke på arbeid, utdanning, kultur og fritid, og ikkje minst lokalsjukehus og andre gode velferdstilbod. 

Sett under eitt er Volda og Ørsta med sine 21600 innbyggjarar den fjerde største tettstaden i fylket. Her kan du finne roa og samstundes bu nær viktige sentrumsfunksjonar som lege, sjukehus, tannlege, kino, treningssenter og idrettsanlegg, leikeområde, kaféar, skular, barnehagar og rådhuset. 

Byggje og bu - bustadprosjekt

Begge kommunane satsar på bustadbygging, og du kan få mykje bustad for pengane. Her er nye byggjefelt med tomter til einebustader, fleirmannsbustader og leilegheitsprosjekt både sentrumsnært og for dei som vil bu litt meir landleg. Tidvis er småbruk på bygda til sals.

Oppvekstvilkår

Oppvekstmiljøet er trygt og godt. Barnehagedekninga er god. Fleire skular er nye, og for andre er nybygg planlagde.

Utdanning

Ørsta tilbyr yrkesretta utdanning både i mekaniske fag, matfag, tømrar- og helsefag. Nytt og moderne skuleanlegg med ein kulturhusdel er planlagt. Volda vidaregåande skule tilbyr studiespesialiserande program, musikk, dans og drama med musikk, medium og kommunikasjon, kunst, design og arkitektur. Høgskulen i Volda er kjend mellom anna for den gode journalistutdnninga si. 

Ørsta Vidaregåande Skule (foto: Ørsta vg.)
Høgskulen i Volda, Sivert Aarflothuset foto: Karl August Swanstrøm

Arbeidsmarknad / Næringsliv

Ørsta og Volda har mange spanande arbeidsplassar på ulike fagfelt innan offentlege og private verksemder. Ørsta er både ein landbruks- og industrikommune med fleire høgteknologiske bedrifter, og kommunen er også eit handelssenter for Søre Sunnmøre. 

Skulestaden Volda er vide kjend som vertskommune for både Høgskulen i Volda og Volda Sjukehus. I tillegg til den varierte arbeidsmarknaden i desse kommunane kan du med under ein times køyring nå tettstadene Nordfjordeid, Stryn, Grodås, Ulsteinvik, Hareid, Fosnavåg og Larsnes. Ørsta/Volda ligg sentralt i denne bu- og arbeidsmarknadsregionen.

Her er nokre av dei større bedriftene vi har i kommunane med mange arbeidsplassar:

Medlemsliste Ørsta Næringskontor

Rufo, foto: Stig B. Fiksdal

Kjøpesenter

Alti Kjøpesenter, Ørsta
Alti kjøpesenter 2. etg.
Spinneriet kjøpesenter, Volda

Helse

Det er eit privilegium å ha lokalsjukehuset så tett på. Volda sjukehus har akuttfunksjon og heilårsopen fødeavdeling, ei god og verdifull forsikring for liv og helse. Om ikkje lenge vil også rehabiliteringstilbodet (Mork rehabiliteringssenter) for kommunane i området bli stasjonert ved Volda sjukehus.

Ei felles legevakt for Søre Sunnmøre er stasjonert ved flyplassen i Hovdebygda om lag midt mellom  sentruma i Ørsta og Volda. Ulstein, Hareid og Herøy er også med i dette interkommunale samarbeidet, som gjev god tryggleik for innbyggjarane.

Helse Møre og Romsdal- Volda Sjukehus

Utvikling

På Rotset i Volda går det no føre seg utbygging av eit næringsområde. Hovudsatsinga er varehandel med kapitalvarer. Det skal også byggjast nytt symjeanlegg knytt til idrettshallen. Norsk innovasjonssenter er også under planlegging i tilknyting til Campus. Det er Volda kommune sitt nye kommunale utviklingsselskap som arbeider med å utvikle sentrale kommunale eigedomar i samspel med næringsliv, akademia og andre offentlege aktørar.

I Ørsta vert det planlagt nytt kulturhus integrert i ny vidaregåande skule.

På Melsgjerdet i Ørsta er det utvikla eit næringsareal på 150 mål som er tilrettelagt for industriverksemder. I tillegg er det i Torvmyrane ved Ørsta/Volda Lufthamn eit veletablert handel-, service- og industriområde. I Ørsta er utviding av Alti kjøpesenter i gong.

Fritid

Her er aktivitetstilbod med stor breidde for folk i alle aldrar: eit rikt kulturliv, milevis med turstiar, toppturar, skiløyper, elve- og fjordfiske, korsong, kunst, kulinariske opplevingar. Og dette er berre noko av det du kan nytte deg av. 

I desse to kommunane åleine ligg det fire skisenter. Her  er eit utal med badeplassar. Begge kommunane har nye, flotte idrettshallar, og satsinga på ballidrettar er stor. Det er friidrettsanlegg både i Ørsta og Hornindal. I tillegg til kulturskular, korps og orkester er det fritidsklubb både i Ørsta og Volda, og ikkje minst ballettskule med klassisk og moderne dans, hip hop og jazzdans.

I Sunnmørsalpane kan du velje og vrake i gromme og spektakulære toppturar. Det er ikkje utan grunn at toppturentusiastar kallar oss både Snømøre og ZENmøre. Molladalen med Jønshornet (Ramoen), Bladet og Randers topp, kongen og dronninga i Sunnmørsalpane, høvesvis Kolåstinden og Slogen, Sætretindane, Store Smørskredtind, Skårasalen, Kvitegga, Saudehornet, Eidskyrkja, Galten, Hornindalsrokken og Saksa høyrer alle heime i dette eldoradoet av nutar, toppar og tindar. 

Ørsta & Volda ballettskule, foto: Tove Halse Digernes
Klatring på Bladet i Molladalen, foto: Svein Urke
Kunsthuset, foto: Lisbeth Bjørneseth Myklebust

For dei som ynskjer litt meir moderate turar, er her eit nett av turstiar og mindre krevjande løyper. Frivillige organisasjonar har bygd gapahukar ved nokre av desse. Der kan du ta ein pust i bakken, grille, nyte kaffien, brødskiva med brunost og appelsinen – eller berre stilla og utsikta. Tilgjenge til desse turane er ofte frå sentrum og korte avstandar.

 

Transport / kommunikasjon / infrastruktur

Få minutt unna sentruma ligg Ørsta/Volda Lufthamn Hovden. I løpet 55 minutt er du på Oslo lufthamn Gardemoen.
Skal du til Bergen, går turen via Førde eller Sogndal.

Busstilbodet er godt. I tillegg til bussar som går innom flyplassen, har me Timeekspressen.

Ekspressbussen kan ta deg til alle kantar av landet.

Gjennom Eiksundtunnelen kan du nå sentrum i alle kommunane på ytre Søre Sunnmøre på godt under timen.
Det same gjeld Grodås og Stryn via Kvivsvegen og Nordfjordeid gjennom Stigedalen.
Frå Herøy og Ålesund kan du ta hurtigruta.

Når den planlagde Voldatunnelen kjem, vert kommunikasjonane endå betre.

Fram, foto: Håvard Myklebust

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.