Lidvang Gard

Velkomen til Lidvang Gard i Barstadvik. Garden, bygd for over 80 år sidan, har ei historie med pelsoppdrett og tradisjonelt dyrehald. Gjennom dei siste 20 åra har garden blitt renovert og tilrettelagd som fritidsbustad. Der er fem senger, eitt bad og plass til ni gjester.

Staden

Staden er barnevenleg med mange aktivitetstilbod. I sommarhalvåret er det til vanleg sauer og lam på beite i nærleiken. Garden ligg skjerma til utan innsyn.

Huset er oppgradert i opphavleg stil med tømmer i dei fleste rom.

Barstadvik ligg sentralt på Sunnmøre med korte avstandar til mange tettstader med mellom anna badeland, Atlanterhavsparken, Go-cart og Sagastad på Nordfjoreid.

Selskapslokale

Lidvang gard tilbyd også utleige av selskapslokale

Dersom det er aktuelt med større selskap, kan du leige fjøsen, som er ombygd til eit spenstig selskapslokale med plass til 40-60 personar.

Ta kontakt for meir informasjon om fasilitetane.

Tlf. + 47 915 62 000

Foto 1, 8-17: Lidvang gard, foto 2-7: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.