Josybuda

Josybuda leiger ut 6 rom, 4 doble og 2 enkle. Felles bad og kjøkken, tv stove/opphaldsrom, vaskerom til disposisjon (tørk/stryk). I tillegg er det bubilparkering og tømmestasjon samt tilgong til toalett og dusjfasilitetar.

Har du lyst til å teste ei spanande og primitiv overnatting, kan selet på fjellet leigast. Dette er ein unik stad frå gamal tid og eit utsøkt utgongspunkt til nokon av dei flotte fjellturane Volda og Ørsta har å by på.

Selet er huset budeia overnatta i når ho var på fjellet og mjølka kyrne. Hytta er lita og inneheld tre soveplassar. Det er ikkje innlagd straum, men gassbluss til å koke på. I bekken finn ein vatn til koking. Drikkevatn får ein med på en plastdunk fra Josygaarden. Sælet har utedo. Det er høve for grilling, og ein kan velje mellom eit uttal turar i nærområdet.

Det er bilveg med bom fra Josybuda til stølen.
Ein kan tinge frukost og middag hjå oss.

Josybuda, er ei restaurert løde med eit flott selskapslokale med høve for å bestille middag. med kafèen held sommarope i tidsromet 1. juli til 20. august. Her kan du få servert heimelaga smårettar, middag, dessert, kaker og kaffe og har bar. Interiøret i kafeen tek deg attende i tid og gjev deg ei kjensle av å vere i ein antikvitetsbutikk.

 

Tlf. John +47 906 91 461/Rolf +47 918 14 092/Synnøve +47 900 45 315

Foto 2-16-15: Leirvik, foto 1, 17 og 18: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.