Christian Gaard

Christian Gaard har mange strenger å spele på. Firmaet byd på både god mat og drikke og ordnar både båttransport og båtcruise. Ei konsertscene på staden husar fleire faste musikkfestivalar. Dette er ein ynda stad for blåturar og ulike typar selskap.

Overnatting

Om du vil overnatte, leiger Christian Gaard ut rom, og du kan også leige plass for bubil, campingvogn og telt.

Transport

For å kome til staden kan du ta ferje til Trandal frå Standal. Der er gjestebrygge om du reiser dit med eigen båt. Christian Gaard tilbyd båtskyss, som du kan kombinere eit cruise på fjorden med ei vitjing på Christian Gaard.

Mat og drikke

For den som vil kome i opningstidene til restauranten, vil menyen variere med det fjorden, fjella og bærbuskene har å by på. Menyen blir sett opp kvar dag for seg, og vertskkapet kan difor ikkje informere om kva som vil vere på menyen fram i tid. 

Heimelaga burger av hjortekjøt frå dyr som er skotne i fjellsidene ovanfor Christian Gaard, vil vere på menyen så langt lageret rekk. Rettar av villaks, fiska i eiga kilenot, vil kunne dukke opp på menyen om fisket er godt.

Utanom høgsesongen, frå september til mai, vil tilbodet vere noko mindre. Det er mogeleg å bestille eit besøk utanom dei oppsette tidene.

Tlf. +47 907 20 172

Foto: Christian Gaard

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.