Urke camping

Urke camping har åtte hytter med frå to til fem sengeplassar. Der er også plassar til telt, campingvogner og bubilar. Plassen har sanitæranlegg med dusj og WC, i tillegg ei «kjøkenhytte», som alle gjester kan nytte.

Campingplassen ligg midt i hjartet av Urke, ved sida av elva som renn gjennom bygda. Campingen vert driven av Urke landhandel, som ligg berre nokre få meter unna på andre sida av elva. Der sel dei daglegvarer, øl, medisin, bensin og diesel, og der er også tipping og post.

Her på Urke har me også den flottaste serveringsstaden på Sunnmøre, nemleg Urke kaihus, som  held ope heile sommaren og hausten. Dei kan freiste med uteservering på kaia i dei mest spektakulære omgjevnader. Inne er atmosfæren heimekoseleg med særprega identitet og inventar, som er henta frå fleire gardar i bygda.

Tlf. +47 458 34 267

Foto: Nina Prestegarden

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.