Volda Bygdetun og Garveriet

Volda bygdetun har over 20 hus ordna som ein vanleg sunnmørsgard frå midten av 1800-talet. Her kan ein sjå korleis folk har budd, arbeidd og levd før i tida. Det eldste huset er ei sengjabud (loft) frå 1500-talet. Eit skulehus med ei stor samling av gamalt skuleutstyr høyrer også til i bygdesamlinga. Tunet ligg vakkert til ved foten av Rotsethornet og med utsiktover fjorden. I tillegg til husa på Haueleite har Volda Bygdetun også Garverimuseet nede ved fjøra og Mylnefallet på Øvre Rotset.

Omvisning etter avtale.

Faste arrangement:

23. juni; jonsokaftan

I november; førjulssøndag

Tlf. +47 938 74 061

Foto 1, 3, 4, 5 : Kari Ryslett, Høgskulen i Volda, foto 2: Odd Kåre Fløtre,  foto 6: Garvarbuda: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.