Anders Svor Museet

Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygningen frå 1953, omgjeven av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor.

Museet har ei samling på nærare 600 objekt; frå skisser til fleire av Svor sine mest sentrale arbeid, som gipsskulpturen Ung pike (1895) og bronsefontena Bylgja (1913). Den faste utstillinga gir eit unikt innblikk i Anders Svor sine arbeidsmetodar, motivkretsen, typologien og stilutviklinga hans frå ein detaljert naturalisme via klassisisme til symbolisme. Anders Svor-museet er ein del av regionmuseet Viti.

Tlf. + 47 702 39 000
Foto 1-4: Marius Beck Dahle, foto 5 og 6: ØNK


Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.