Sivert Aarflotmuseet

Sivert Aarflot var bondesonen med 22 dagars skulegang, som vart ein av dei fremste folkeopplysarane på Nordvestlandet. Aarflot sin kunnskapstørst var vid: frå praktisk jorddyrking til teoretisk astronomi. Kunnskapen skulle delast og formidlast vidare. Han vart lærar og lensmann og grunnla både bibliotek, trykkeri og avisa Norsk Landboeblad. 

Avisa kjem framleis ut i Volda under namnet Møre. I Sivert Aarflot-museet, som ligg på Ekset i Volda kommune, der han budde og dreiv trykkeri, blir historia om denne nybrottsmannen og folkeopplysaren fortalt.  

 

Sjå opningstider på heimesida.

+47 70 23 90 00
Foto: Marius Beck Dahle

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.