Astronomisenteret Kometland

Kometland er det største astronomisenteret i Noreg (og kanskje Scandinavia); ein informativ og unik opplevingsstad, som er særskilt tilrettelagd for astronomi-interesserte. Der kan du på eiga hand finne mykje nyttig og spanande informasjon om verdsromet.

I sommarhalvåret kan ein observere aktiviteten på dagstjerna vår, sola.  

Sesongen for teleskopiske observasjonar av stjernehimmelen er frå august til april. Ein kan då observere planetar og andre interessante objekt i solsystemet vårt i tillegg til mange flotte objekt i galaksen Mjølkevegen og i universet.

Det største astronomiske teleskopet i Noreg er ein stor attraksjon på Kometland, som det kan vere vel verdt å sjå nærare på. I november 1989 vart det oppdaga ein ny komet frå Kometland;C/1989w1 (/Aarseth-Brewington) som fekk namn etter dei to som oppdaga han fyrst.

Astronomisenteret Kometland tek imot vitjingar etter avtale.

Tlf. +47 481 24646
Foto: Knut Aarseth

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.