Knutegarden Norangdal

På Knutegarden kan du bu i kårleilegheita og sjå både fjord og fjell med kneisande tindar.

Garden er i full drift, og her er storfe og mjølkeproduksjon, hest, kaninar og kattar.

Leilegheita ligg i hovudhuset, men har separat inngang og eigen hage, eitt bad og to toalett, eit godt utrusta kjøkken, TV-stove og gratis wifi. I andre etasje er det fire til åtte sengeplassar fordelte på fire soverom med ferdig oppreidde senger og med handdukar. All reingjering er inkludert i prisen. Det er sjølvhushald, og frukost er ikkje med i prisen.

Det er høve til fiske i fjorden eller etter aure og røyr i vatna i Norangsdalen. I Lygnstøylvatnet  nokre km unna er det populært å dykke mellom dei gamle seterruinane.

Knutegarden-Norangdal er eit glimrande utgangspunkt for fjellturar. Slogen (1564 moh.) er det mest kjende fjellet. Det tek ti minutt å gå til råsa. Til Hotel Union Øye er det ein liten spasertur på 800 meter.

Foto 1: Leif Ø. Nordang, foto 2: Edith Nordang


Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.