Helset Hytter og Camping

Bjørkedalen er ei vakker og fredeleg bygd ved E 39, midt mellom Nordfjordeid og Volda. Herer du omkransa av glitrande vatn og elvar, vill natur og bratte, grøderike fjellsider. Det perfekte utganspunkt for storslegne naturopplevingar. Eit særs populært turmål er den flotte fjelltoppen Galten.

Me leiger ut seks hytter. Tre av dei er vinterisolerte. To hytter har ti sengeplassar, dusj og WC. To har seks sengeplassar, også dei med dusj og WC. To hytter med fire sengeplassar har sanitæranlegg like ved. Alle har Wi-Fi.

Me har sykkelutleige og kiosk. Avstanden til Volda sentrum er 19 km pluss 15 minutt med ferje Folkestad-Volda . Til Nordfjordeid sentrum er det 18 km. Campingen held stort sett ope mellom påske og oktober.

Tlf. +47 932 55 059/+47 993 94 166

Foto: Helset hytter og camping

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.