Dagsturhytta Nakkebruna

Dagsturhytta i Volda kommune har fått namnet Nakkebruna og passar fint som turmål for barnefamiliar. Dagsturhytta ligg ved stien til Ytrehornsnakken,og har god utsikt mot Hornindalsvatnet, Grodås og inn Hornindal. Namnet kjem av fjellhammaren Nakkebruna som ligg like nedom hytta.

Dagsturhytta ligg berre eit steinkast frå trasèen for Hornindal Rundt-løypa, og turen opp går i hovudsak i løypetrasèen.

Hytta ligg på om lag 190 meter. Turen opp tek om lag 30 minutt i roleg tempo frå parkeringsplassen ved skulen.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Foto: Elisabeth Gamlem Lødemel

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.