Hamre gard

Feriehus på eit nedlagt gardsbruk med strandtomt og panoramautsikt mot Austefjorden. Huset har 9 sengeplassar, 3 av desse er dobbeltsenger. Kjøkkenet er fullt utstyrt.

Dersom du ynskjer deg ein ferie fylt med allsidige og gode fiskeopplevingar, er dette rette staden. Her er eit eldorado av gode fiskeplassar. Du kan fiske både i fjorden og i Mørevassdraget, der det er både laks, aure og røyr (røye). Mørevassdraget vert også kalla Austefjordvassdraget og inkluderer Kalvatn og Fyrdselva, høvesvis seks og fire km frå feriehuset. Austefjorden er ein av dei beste fiskefjordane i Noreg.

Hamre Gard er godkjend turistfiskebedrift og har to båtar med motor. Det er tilgjenge til overbygd fileteringsplass med rennande vatn ved fjorden og til eige prepareringsrom ved bustadhuset. Du kan leige båt, som ligg ved ei eiga flytebryggje i fjorden. 2 x 15-fots Øien med 15 hk Honda.Flytevestar er inkluderte i båtleiga.   

+47 416 28 339

Foto: Hege Karete Hamre

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.