Alpehytta

Hytta ligg midt i Sunnmørsalpane og er eit flott utgangspunkt for både toppturar og lettare turar i vakre dalføre. Frå terrassen skodar du mot majestetiske toppar som mellom anna  Fingeren, Sætretindane og Kolåstinden. Hytta har i alt 8 soveplassar, romsleg terrasse med sitjegruppe, stor stove, kjøken, dusj/toalett, jacuzzi og stort selskapslokale. Dei høver godt som ei familiehytte og den inneheld både TV og Wi-Fi.

Like ved hytta ligg Standalvatnet med ei lita bryggje, som du kan bade ifrå. Om vinteren er der gjerne skeiseis.

Alpehytta har eit større forsamlingslokale, som kan nyttast til konferansar, bryllaup, konfirmasjonsselskap, årmålsdagar m.m. Der er bord og stolar til 30 personar og dekketøy til like mange. Kjøkenet er velutstyrt.

På loftet er det seks sengeplasser fordelte på tre rom med høve for 2 ekstrasenger. Der er dusj og toalett både oppe og nede, og vaskemaskin, turketrommel og turkeskap for klede og sko. Hytta er sjølvbetent. Du får tilvist nøkkelkode. Enkelte gonger er der sal av rjomegraut, ved somme høve reklamerer me med «Seng og suppe».

Utleige av båt ved Standalvatnet. Både båt og parkering er gratis når du leiger hytte.

Tlf. +47 991 55472


Foto: Brit Aanning Aarseth

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.