Sagafjord Hotel, Lodge & Marina

Overnatting

Velkomen til Sagafjord hotel ved den vakre og ville Hjørundfjorden, det vesle hotellet for dei store opplevingane mellom bratte fjell og kvasse tindar.

«Koseleg, intimt og avstressande, beint fram ein god stad å vere.» Det seier gjestene om hotellet vårt her på den intime tettstaden Sæbø ved Hjørundfjorden på Søre Sunnmøre.

Hotellet vårt har til saman 35 komfortable rom og suitar. Alle er laga for å gi deg ei god natts søvn og glede ved å vakne utkvilt og klar for ein ny dag. Nokre rom er i hovudhuset, andre i dei små bygningane kring om på tunet. Ingen rom er heilt like. Det er ein del av hotellet si sjel.

Konferanserom

Hotellet høver godt til møte, kurs og konferansar med inntil 90 deltakar. Med to lyse, velutstyrte møterom, gode serveringsfasilitetar og aktivitetstilbod basert på lokal natur og lokalt særpreg er alt på plass. Her finn du arbeidsro. Her kan ein dyrke fellesskap til gjensidig glede.

Restaurant

Menyen på Sagafjord hotel fylgjer årstidene og skal så langt det let seg gjere, stå i stil med utsikta frå restauranten. Kjøkensjefen satsar på lokale råvarer av fyrste klasse frå sjø og land og veit når godsakene er å finne. Til god mat høyrer også eit godt utval gode vinar, og naturlegvis godt, lokalt øl frå fjordane ikring.

For opningstider for restaurant; sjå heimesida til hotellet; dei vil variere etter sesong.

Gjestehamn

Sagafjord Hotel har også båthamn, Sagafjord gjestehamn. Marinaen er ei av dei finaste gjestehamnene langs kysten. Vatn, straum og internett er sjølvsagt inkludert i hamneavgifta. Marinaen har 35 gjesteplassar med ei djupne på mellom 1,40 og 10 meter.  Båtgjestar har tilgong til ferskvatn, landstraum, Wi-fi, søppelcontainer og moderne sanitæranlegg med dusj, WC, vaskemaskin og tørketrommel.

Fylling av diesel kan gjerast etter avtale med hotellet. Der kan ein også få isbitar. Området er tilrettelagt for rørslehemma.

Kort veg til bankautomat, bensin, dagligvare, kiosk, leikeplass, parkering og postkontor.

Tlf. +47 700 49 500

Foto 1 og 2: Christer Olsen, foto 3-8: Classic Norway

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.