Hjørundfjord Camping

Velkomen til Hjørundfjord camping midt i hjartet av Sunnmørsalpane. Opplev det eineståande miljøet og ikkje minst den velgjerande og rolege stemninga på Sæbø, den perfekte basen for fjellturar, båtturar på Hjørundfjorden, fjordfiske og laksefiske i Bondalselva.

Me har elleve hytter i ulike storleikar og gjesteplassar til campingvogner, bubilar og telt. Sørvishuset har kjøken, dusj,toalett, vaskerom med vaskemaskin og turketrommel. I tillegg er her eigen sløyebenk der du kan reinske fisken din.

Rett ved leikeplassen er det kiosk og resepsjon med gatekjøken, som er ope kvar dag i hovudsesongen frå 15. juni til 15. august. Sørvisbygget er ope frå påske til oktober. Ta kontakt om du ynskjer overnatting. 

Hjørundfjord camping held ope i påska og frå 15. juni til 15. oktober. Dei største hyttene er til leige heile året.

 

 

Tlf. +47 700 40 016

Foto: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.