Rjånes ferie- og konferansesenter

Mellom høge fjell og djupe fjordar finn du Rjånes Ferie- og Konferansesenter. Ytst på Ørsta-halvøya ligg vi fint til med utsikt mot fjord og fjell, og har ei unik plassering i høve ulike aktivitetar på sjø og land. 

Her finn du overnatting, servering og aktivitetar både sommar og vinter. Vi har båtar og vasscooterar til leige og vi kan fylgje deg til fjells. Større samlingar og konferansar hjelper vi deg gjerne med.

Rjånes Ferie- og Konferansesenter har 4 hytter og 1 einebustad til leige. Samla har vi overnatting for 36 personar (+)  i nyoppussa leiligheter og hytter. 

Her vil du finne alt av naudsynt utstyr som oppvaskmaskin og vaskemaskin, fullt utstyrt kjøkken og nye gode senger med sengekle. 

Send oss gjerne ein førespurnad for større grupper eller arrangement. Vi kan levere skreddarsydde opplegg for store eller små grupper. 

Tlf. +47 909 15 969

Foto: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.