Brør mat og bryggeri

Brør er ein gourmetrestaurant der kokken har erfaring frå fleire topprestaurantar i Oslo. Maten som vert servert, er ein fryd  for både auge og gane.

Brør serverer mat som er forankra i det nordiske kjøken, og baserer seg hovudsakleg på lokale og norske råvarer. Menyen vil variere etter tilgang på råvarer. Du kan velje mellom tre-rettarsmeny eller delar av han, og du finn både fisk, kjøt og vegetar på menyen. Også glutenfrie alternativ. Det er også mogleg å bestille 5 retter, med og utan vinpakke frå kl 19.

Drikkemenyen har eit godt og variert utval av øl, både frå boks og fat, kvalitetsvin og cocktails i tillegg til heimebryggja øl i periodar.

Du kan tinge bord for matservering eller sitje i baren eller ute når årstida og veret tillet det, og få servert noko godt i glaset. Matservering med siste bordsete kl. 2100. Alkoholserveringa vert avslutta 30 minutt før stengjetid.

Inne- og uteservering. Det er tilrådd å tinge bord på førehand via nettsida, eller på telefon om det er same dag.

Tlf. +47 70 05 00 00

Foto 1: Brør, foto 2 og 3: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.