Haula Vingard

«Working thesoil since 1615».

Historia til Nina Viddal si  familie, strekkjer seg nesten 500 år attende i tid. I nesten eit halvt millenium har dei livnært seg av jordbruk og fiske i eit utfordrande landskap og tøft klima. Forfedrene hennar kjempa seg gjennom harde vintrar og skiftende verforhold - kjempa mot elementa og prøvde å spele på lag med naturen ved hjelp av hardt arbeid og viljestyrke.

I 2015 tok Nina over familiegarden og planta sine fyrste vinplanter året etter. Her på 62 grader nord, dyrkar ho vindruer i det ein kan kalle marginale strok, og må være både tålmodig og standhaftig for å lykkast. Garden blir driven etter biodynamiske prinsipp, og målet er å skape musserende kvalitetsvin.  

Haulagarden kan førebels ikkje tilby eigen vin, men har ope i sesongen for omvisingar og smaking av vin tilsvarende det dei ønskjer å lage sjølve. Vinbonden er også utdanna sommelier og er særskilt interessert i biodynamisk- og naturvin.

Omvisning må tingast påførehand!

Du finn meir informasjon på Instagram og Facebook.

Tlf: +47 920 39 365

Foto: Haula Vingard

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.