Sunnmøre kammerfestival

Wolfgang Plagge og Annar Follesø har kvart år ansvaret for programmet, og for å sikre kvaliteten handplukkar dei musikarane som skal vere med. Føremålet er å arrangere ein årleg kammermusikkfestival på Søre Sunnmøre, der publikum kan nyte gode musikkopplevingar på høgt nivå. Festivalen samarbeider med Høgskulen i Volda om dette.

 

Festivalen skal også inspirere unge musikarar, og slik vere med å fremje utviklinga av og oppslutninga om musikklivet på Søre Sunnmøre.

 

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei ulike kulturskulane i form av seminar og meisterklasser retta mot born og unge. Artistane som er med under festivalen, vil tilby undervisning av lokale talent. Der vil også vere kurs og inspirasjonsseminar for kulturskulelærarar.

Konsertane vert arrangerte ulike stader på Sunnmøre.

Tlf +47 950 49 075

Foto: Åge André Breivik

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.