Vintersportfestivalen X2
Dette er den mest ekstreme vintersportshelga i regionen med knallharde konkurransar i tindekliving, tindeklatring og frikøyring, padling og paragliding. Festivalen er ein sosial folkefest for publikum – også for dei som heller vil ha peiskos enn å slåst med ulendt terreng. Den sterke festivalstemninga er ein viktig del av det som skaper Volda sitt unike studentmiljø.
Under X2-festivalen kan du delta i eller vere tilskodar til ei heil rekkje ekstreme idrettar, alt frå surfing i fjorden til tindekliv,interessante foredrag frå internasjonale foredragshaldarar, eller du kan berre slå deg laus på konsertgolvet.
Aktivitetane er spreidde rundt på Sunnmøre, men hovudbasen er i Volda: Festivalområdet er i og rundt Sparebank1-hallen ved stadion i Volda.
Tlf. +47 468 77 544

%20(1)_edited.jpg)
_edited.jpg)
%20(1)%20(1)_edited.jpg)
%20(1)_edited.jpg%20kajak%20elv.jpg)
_edited.jpg%20Mads%20Mehus%20konsert.jpg)







