Brudevoll Gard og Hytteutleige

Har du lyst til å feriere i landlege omgjevnader? Då kan Brudevoll gard vere staden for deg. Garden har åtte hytter med høg standard i ulike storleikar og med ulike tal på sengeplassar.

 

Garden er familievennleg med dyr i fjøset eller ute på beite om sommaren. Du kan få vere med og mate hønene og kalvane og plukke egg til din eigen frukost.

Som gjest kan du nytte fjordhesten på både ride- og køyreturar med vogn. Dersom du er van med hest, kan du låne han på tur, og me hjelper dei som har behov for det. Me har også kalvar, sauer, lam, ein flokk høner, og sjølvsagt ein pus. På ei øy i Ørstafjorden har me villsauer, som går fritt der. For gjestene våre er all aktivitet på garden gratis.

Me har to båtar til leige på Rjåneset 14-15 km frå garden. Området har mange fine fiskevatn, og frå 15. juni til 31. juli kan du prøve fiskelukka i Ørstaelva. Fiskekort er naudsynt.

Hyttene er nabo med med museet Brudavolltunet.

Tlf. +47 970 39745

Foto: Brudevoll gard

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.