Hotel Union Øye

På Øye inst i Norangsfjorden ligg eit av det mest storslegne hotella i Europa. Det har i generasjonar vore eit ynda reisemål for kongelege, forfattarar og naturelskarar. Heilt sidan opninga i 1891 har hotellet vore ein stad dit gjestene kom for å nyte roa og det gode livet i vakre omgjevnader.

Alle roma er individuelt dekorerte og møblerte med nøye utvalde antikvitetar. Tre nye suitar stod ferdige til sommarsesongen 2022.

Frå klokka 1230 til 1530 serverer me to-rettars-lunsj for alle. For hotellgjestene tek dagen til med ein rikhaldig frukost med fleire lokale matvarer. Når sola skin, kan du nyte morgonkaffien i den vakre hagen bak hotellet med utsikt mot dei majestetiske Sunnmørsalpane.  

Om kvelden serverer me tre-rettars-middag. Middagen på Hotel Union Øye blir komponert av dei dyktige kokkane våre og er basert på dei finaste råvarene alt etter sesong. Hovmeisteren vår kan setje saman ein vinpakke som høver perfekt til måltidet. Dersom du ynskjer det, kan du sjølv velje edle dropar frå hotellet sin eigen vinkjellar.

Etter middag samlar vertskapet gjestene i salongen til ein «historietime» om svunne tider, som du kan nyte saman med ein kopp kaffi eller eit glas vin.

Tlf. +47 700 62 100
Foto: 1, 3, 5, 6: -,62°Nord, foto: 4, 7, 8, 11, 12: Simon Sjøkvist, foto: 9, 10, 12: Thomas Ekstrøm

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.