SkåraBakkane

Pub/eteplass

SkåraBakkane er ein  pub/eteplass lokalisert der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Ja for på Skår er det berre 2 fastbuande og kan såleis skilte med å vere den minste bygda i regionen vår som har eigen pub. For å kome til Skår må ein førehandstinge ferje, noko som gjev staden eit eksotisk preg.

Frå den store terassen som er bygd inntil den ominnreidde løda, kan ein nyte den mest makelause utsikta i heile Hjørundfjorden.

Utanom den flotte utsikta, kan ein få pirra sjølv den mest kresne gane. Her kan ein nyte kortreiste spesialitetar som spekeskinke og hjortemør som er tilbereidde på staden og med fylgje av heimebaka flatbrød. Ein forrett med heimerøyka laks og kanskje Bacalao som hovudrett? På dessertmenyen vil du finne vaniljeis med bær toppa med heimelaga granbarsirup og eit lett dryss av granbarsalt. Om du kjem innom i førjuls-sesongen kan du bestille heimelaga smalahåve. Her kan ein få prøve 3 ulike oppskrifter- både frå Voss og Sunnmøre, den eine varianten er speka smalahove. Målsetnaden er å kunne produsere og lage den meste av maten på Skaar.

Til lukka lag kan kokken lage det meste.

Overnatting

SkåraBakkane har overnatting i våningshuset.

Overnatting i sel på Skårasætra

Renovert sel til leige på Skårasætra med overnattingsplass for 5 eller fleire personar. Det er hems med plass til 5 personar i tillegg til 4 køyar (avdelt). I stova er det vinkelsofa og salongbord, og du finn det meste av kjøkkenutstyr inkludert gassbluss.

Til oppvarming er det vedomn, og i krypkjellaren er det ubegrensa med ved. Utanfor selet er det er utedo, og det kan hentast vatn frå elva rett ved. Setra er velhalden og innbydande, og det er tillaga med langbord og sitteplassar.


Du kan få turruter for fotturar i fjellet i nærområdet.

 

Opning f.o.m. påske:

fredag-søndag

Juli og August ope kvar dag.

Skjenkeløyve, alle rettigheiter.

Tlf. +47 905 14 868

Foto: Ingrid J. Høydal

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.