Fruenes B &B /Fruenes Kafé

Fruenes B&B

Dette er eit overnattingstilbod midt i Volda sentrum. Huset er frå 1885, renovert i 2022, og det er også kjent som Krumsvikhuset.

Krumsvikhuset er ein privat heim og har ikkje resepsjon. Innsjekking er mellom kl. 1500 og 1800. Etter det lyt du sjekke inn sjølv. Utsjekking seinast kl. 1200.

B&B-et inneheld fire flotte rom, eitt enkeltrom og tre dobbeltrom, som deler to delikate bad. Bada ligg på gangen, så ta gjerne med deg tøflar, morgonkåpe, sjampo og dusjsåpe.

Overnatting er med frukost. (Frukosten må du tinge).

‍Det er kafé i fyrste høgda.

Fruenes kafé

Fruenes er ein liten sjarmerande kafé midt i Volda sentrum. Han ligg i fyrste etasje i Krumsvikhuset, eit trehus frå 1885.

I trivelege omgjevnader får du servert påsmurt heimelaga surdeigsbrød og velsmakande kaker. All mat er laga frå botnen og i kaféen.

Du får kjøpt espressobaserte kaffidrikkar med eller utan smakstilsetning, chai latte eller te.

Du finn også glutenfrie- og vegetaralternativ på menyen, av og til også vegansk. Ta gjerne  kontakt på førehand om allergi.

Fruene tilbyr også kaker og påsmurt som take away. Ta kontakt på forfatterfruene(at)gmail.com for tinging.

Lokale kan leigast til møte og andre arrangement.

For opningstider, sjå facebook.


Foto 1-3: Forfattarfruene, foto 4: Even Finnøy

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.