TIK Café & Restaurant

Tik er namnet på den koselege lunsjrestauranten og kaffibaren som du finn i sentrum av Ørsta. Her kan du nyte både lekre lunsjrettar, freistande bakverk og ei spektakulær utsikt over dei majestetiske Sunnmørsalpane.


Noko for ein kvar smak

Midt i hjartet av Ørsta og omgjeven av vakre fjell ligg Tik – en kombinert lunjsrestaurant og kafé med lokal- og sesongbasert mat på menyen. Den erfarne kjøkensjefen, Ying Tang, har tidlegare arbeidd på kjende restaurantar i både Ålesund og Oslo. Dagleg leiar Joanne Picton Aarseth  og ei gruppe med andre matentusiastar ynskjer deg velkomen til ei matoppleving, der lokale, sesongbaserte råvarer dannar grunnlaget for alle matrettane. Her er alle velkomne, og på den spanande menyen finn du litt for ein kvar smak.

Tik har også temakveld ein fredag kvar månad, der temaet kan vere alt frå asiatisk kveld til fem rettars «fine dining».


Kortreist og sesongbasert

Møre og Romsdal er eit stort matfylke med mange og lange tradisjonar. Her er det både hav, fjell, skog og mark, som gjev unike og velsmakande råvarer. Nettopp det lokale matfatet er i fokus hos Tik, som har som ambisjon å servere gjestene sine smakfulle matrettar baserte på kortreiste ingrediensar. Menyen er ei spanande blanding av det tradisjonelle og det kreative, og han skifter i takt med kva råvarer den sunnmørske naturen har å by på.


Med kjærleik til det lokale

Tik Café og restaurant  har fått namnet sitt etter vikingkvinna Tik, som ein meiner ligg gravlagd i  Kjempehaugen, som ligg berre eit par steinkast frå etestaden. Kvinna i gravhaugen må ha hatt ein viktig posisjon i lokalsamfunnet, så det høver godt at etestaden er kalla opp etter henne. Kjærleiken  til det lokale er i alle fall tydeleg hos Tik – både når det gjeld mat og stemning. Fleire av råvarene, inkludert kjøt og fisk, kjem frå lokale leverandørar, og på menyen finn du kortreiste lekkerbiskenar både frå fjell og fjord. Til kaffien kan du dessutan kose deg med dei lekraste bakverk, som du anten kan ta med eller nyte i den koselege kaféen.


Tik mini bar

I Tik minibar kan du nyte noko godt i glaset i godt og triveleg lag. Med Tik café & restaurant og Tik minibar ligg alt til rette for ein heilaftan. Start i restauranten og avslutt i minibaren.


Tlf. +47 993 83 030

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.