Tyssenaustet -DNT

Tyssenaustet er eit ombygd naust på nordvestsida av Tyssevatnet på Bjørke i Hjørundfjorden. Naustet er omgjeve av dramatiske fjelltoppar på alle kantar. Hytta har sitt eige særpreg. Ombygginga frå naust til hytte er kreativt og godt utført.

Tyssenaustet vart restaurert i 2000 og 2001 og er utstyrt med sengklede og alt du treng for å lage mat. Hytta er ikkje isolert, men har elektrisk oppvarming. To av sengene er litt breiare enn resten og har plass til to born. I alt er det seks senger i hytta, fire av desse kan førehandstingast, to er for dei som kjem umeldt. Tyssenaustet held heilårsope.

Ein 14-fots aluminiumsbåt, kano og redningsvestar er tilgjengelege i naustet. Vatnet kan vere sterkt nedtappa, og ein må følgje instruksjonen som heng i naustet, om korleis ein får ut båten. Fisket kan vere bra, og det er både røyr og aure i vatnet.



Foto: ut.no

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.