Hustadnes Fjordhytter

Hustadnes fjordhytter ligg ved Hjørundfjorden på Sunnmøre blant dei mektige Sunnmørsalpane. Dette er staden for den som liker fiske på fjorden, laksefiske i Bondalselva, turar i dei majestetiske Sunnmørsalpane eller berre å ta livet med ro og nyte naturen. Som gjest på ei av hyttene våre kan du teste "natur-Spa`en", som består av badestamp på bryggja i tillegg til sauna, gjerne i kombinasjon med eit friskt sjøbad.

Dei 2 største hyttene leiger vi ut heile året, dei mindre hyttene kan du leige i sesongen mellom 01/04-30/09.


Vi har eiga båthamn og har utleige av båtar for turistar som likar å fiske. Ved hyttene ligg to fiskepirar, og i båthamna ligg 7 båtar til leige. Storleiken på båtane er 14-18 fot og alle har motorar frå 5–30 hk. Redningsvestar fylgjer med.

Utanom sesong kan du leige sauna og badstampen på brygga.

+47 416 63 337/+47 915 77 574

 

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.