Havila Hotel Ivar Aasen

Berre 60 kilometer frå Ålesund sentrum, inst i Ørstafjorden, finn du ei hotellperle av dei sjeldne. Hotellet i Ørsta er omkransa av fjelltoppar og ligg ved den vakre Ørstafjorden. Me har 72 røykfrie rom med utsikt til den ville nordvestlandske naturen, der du kan velje om du ynskjer utsikt til fjell eller fjord.

Hjå oss kan du etter fjellturen nyte god og lokal mat i restauranten eller forfriskingar i lobbybaren.

I restauranten mettar me alle munnar. Her kan du velje frå den spanande a la carte-menyen denne sesongen. I sommarsesongen vil me også tilby eigne rettar, inkludert grillmat på fine solskinsdagar på terrassen med flott utsikt mot fjell og fjord. Både tilreisande og lokale gjester er velkomne til lobbybaren ved hotellet. Der kan du få noko enkelt å bite i, ein kopp te eller kaffi eller ein annan favorittdrikk. Pizza serverer me heile døgnet. Ta kontakt for reservasjon og meny.

Me hjelper deg med å leggje til rette eller gi råd om dei finaste aktivitetane og dei beste fjellturane på Sunnmøre.

Hotellet har flotte konferansefasilitetar.  Du kan tinge konferansepakke, minnestund, bryllaup, barnedåp, konfirmasjon og andre tilstellingar. Me har opplevingspakkar. Ta kontakt for meir informasjon.

Det er kort avstand til eit kjøpesenter og båthamna.

Velkomen til Havila Hotel Ivar Aasen, hotellet for deg som ferdast langs vegen.

Skjenkerett for øl, vin og brennevin.

Tlf. +47 700 45 100

Foto: Havila Hotel Ivar Aasen privat

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.