Nipehyttene

Ynskjer du å oppleve den norske naturen på sitt beste? Som gjest ved Nipehyttene kan du fiske, ta båtturar, bade, dykke, jakte i fjellet eller berre gå turar i det ville og vakre landskapet kjent som Sunnmørsalpane.

Dei fire hyttene ligg i vakre omgjevnader langs fjorden ved foten av Liadalsnipa. Her kan du lene deg attover og slappe av på terrassen, kanskje medan du grillar ein av fiskane du drog tidlegare på dagen.

Hyttene er veleigna for famiIiar, små grupper og enkeltpersonar. Den minste hytta har seks sengeplassar, den største ti. Som gjest kan du nytte ei rekkje båtar, store og små, med og utan motor (frå 8 til 44hk). Me har sløyebenker og ein frysar til kvar hytte i fiskehuset ved hamna.

Me eig også ein sommergard, som gjestene kan nytte. Han ligg i vakre fjellomgjevnader, om lag to km frå hyttene. Til kvar hytte fyl det med ein ein båt med påhengsmotor.

Hytteutleige på vekesbasis (mai-oktober). Kalender for når hyttene er ledige finn du på nettstaden.

I tillegg har me båtutleige av både små og store båtar, med eller utan motor.

Tlf. +47 905 20133

Foto 1, 4 og 5: Elias Lianes, Nipehyttene, foto 2, 3, 6 og 7: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.