Sjøbuda Ramoen

Denne unike, nyrenoverte rorbua ligg midt mellom Ørsta og Ålesund og er omkransa av dei spektakulære Sunnmørsalpane. Sjøbuda inneheld eit flott selskapslokale i maritim stil med plass til 70 gjestar. Alle rettar, matservering etter avtale.

I sjøbuda er også tilrettelagt for overnatting. Det fins 4 soverom med dobbeltseng med tilgong til 2 nye bad. Du kan også leige ei lita leilegheit med eit soverom der det er etasjesengmed plass til 2-3 personar. Det er også kjøkkenkrok, bad og eit lite opphaldsrom.

Overnattingsgjestane får bruke både fellesarealet innandørs samt uteområdet der det er ein romsleg uteplass med stort spisebord. Her kan du nyte solnedgangen, eller fiske dagens middag. Sjøbuda Ramoen ligg perfekt til for fjellturar og andre severdigheiter på Sunnmøre. Utleigar kan formidle kontakt for båtleige.

Tlf. +47 959 21 190

Foto 1, 7 og 8: Nils Jarle Sætre, Foto 2-5, 9 og 10 Ragnhild Hjørungnes

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.