Rekkedal Gjestehus

Vertskapet på Rekkedal gjestehus tek imot ​små og store grupper og selskap på førespurnad. Her får du skreddarsydde opplevingar i eit kulturhistorisk miljø med fokus på god mat og drikke, kultur og dramatisk natur. Vertskapet lagar all maten sjølv, og matfilosofien er basert på lokale råvarer av høg kvalitet blanda med tradisjon og inspirasjon frå inn- og utland. ​Menyen og opplevingane syr me saman til deg som gjest.

Her er det fleire ulike festlokale. Nyefjøset, Nyestova, Grindløda, Vinstova og Gamlestova. Alle selskapslokala har sitt eige preg, alt ifrå den kunstferdig dekorerte Nyestova til den meir rustikke Grindløda.

Gjestene vert ynskte velkomne i eit av husa med historier om garden og lokale spesialitetar, musserande vin eller hylleblomstsaft frå garden. Vertskapet i dag er generasjon nummer 20, og garden har ei historie tilbake til år 500, yngre jernalder. Husa på garden er frå slutten av 1500-talet og framover, alle godt bevarte og opne for gjestene. 

Tlf. +47 908 95 056

Foto 1 og 2: Astir, foto 3-10 Rekkedal Gjestehus

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.