Vartdal kyrkje

Vartdal kyrkje er ei langkyrkje frå 1877 som står på Øyraneset på Nøre-Vartdal. Ho var bygd i 1876 og vigsla 8. april 1877 av Laurits Ottesen, prost i Søndre Søndmøre Provsti og sokneprest i Hjørundfjord. Teikningane av kyrkja er laga av Wilhelm von Hanno og Heinrich Ernst Schirmer. Dei vart utlånte frå Ørsta kyrkje (bygd 1864). Vartdal kyrkje er redusert i lengda i høve til den. Same teikningane er brukte til Hareid kyrkje, som vart bygd omlag samstundes. Ansvarleg under reisinga av kyrkja var byggmeister Knut L. Stokkeland frå Vestnes i Romsdal.

På grunn av stormskadar måtte kyrkja vølast, oppattrettast og forsterkast i 1879. Austre enden var flytta om lag ein halv meter på murane. I det høvet vart ho festa i store steinkar med jarnstenger opp mot rafta.

Den nybygde kyrkja var sparsamt dekorert. Altartavla var ei enkel plate med ein gylt kross. Ho var måla av Jørgen Hurlen, som og måla preikestolen. Ny altartavle vart måla av Lars Kinsarvik i 1907. Han måla eit bilete av Jesus i bøn. Bibelordet under biletet vart måla på nynorsk. Måleriet er ein reproduksjon av altartavla i Johanneskirken i Bergen, måla av Marcus Grønvold i 1894.[1]

I 1927 måla Johan Haddal preikestolen rosemåling med innfletta bibelske motiv. I 1938 prydmåla Jonas Peson mykje av kyrkja. Koret og heile austveggen vart dekorert med bibelske motiv i ein freskoinspirert stil. Midt bak altaret vart krossfestinga måla. Altartavla måla av Kinsarvik vart då flytta til sørveggen, der ho enno heng.

Vartdal kyrkje fekk orgel i 1914.  Nytt orgel frå Vestre orgelfabrikk, Haramsøy, vart montert i 1961. Det vart etter kvart dårleg, og atter nytt orgel (bygd av Dietrich Johannes Buder) vart vigsla 19.april 2015. Det er 250 sitjeplassar.

Tlf. +47 700 48 640

Foto: Ørsta Kyrkje

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.