Hjørundfjord kyrkje

Dette er ei langkyrkje på Sæbø i Hjørundfjord. Det er sagt at der i dalen var kyrkje ifrå 1125, men dette er det tredje kyrkjebygget vi kjenner til. Kyrkja er bygd i treverk (tømmer). Arkitekt var Johannes Henrik Nissen som brukte teikningane ifrå kyrkja på Fjørtoft med nokre endringar som bogar i nygotisk stil både i vindauge og over koret.

9. september 1880 vart kyrkja innvigd. Alt var nytt og moderne, så det vart få prydnadsting med ifrå gamlekyrkja. Også ny altartavle vart måla av Chr. Bruun. Ein kopi av motiv ifrå Tyristrand kyrkje av Adolf Tidemann.

I 1914 vart den gamle altartavla henta fram frå orgelgalleriet. Pussa opp av Lars Kinsarvik og fekk plass over døra ifrå kyrkjeskipet inn til dåpssakrestiet. Der hang ho til 80-årsjubileet i 1960,  då ho kom på sin rettmessige plass framme på altaret. Hovuddelen avaltartavla er datert til 1505-06 og er mest truleg laga av Claus Berg i Lübeck. Dei dekorerte dørene som var på, vart sende til museet i Bergen i 1860-åra. I 1702-04 vart altarskåpet bygd inn, mest truleg av Eliasmeisteren. Ein del andre prydnadsting vart også plukka fram til dette jubileet.

Glasmåleria, gåver gitt av einskildpersonar, er laga av kunstnar Jørgen Saare i samarbeid med glasmester O. Ellingsen & Søn i Ålesund. Desse vart innsette til 17. mai i 1950 og 1951.

Det første orgelet kom på plass i 1913 og vart betalt av innsamla midlar ifrå utvandra hjørundfjordingar i Amerika. Gamleorgelet vart etterkvart utslite og nytt orgel kom på plass i 1973 bygd av Vestre Orgelfabrikk.

Kyrkja har 450 sitjeplassar.

Kjelde: Hjørundfjord kyrkje 1880-1980.

Tlf. +47 700 48 640

Foto: 

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.