Lygnstøylvatnet

Lygnstøylvatnet vart til i 1908. Då laga eit steinras ei demning, elva Lygna voks til eit vatn og fløymde over ei seter og ein liten skog. Når vatnet er roleg, kan me sjå restane av hustuftene under vassflata tydeleg.  Heile botnen av vatnet er dekt av knallgrønt gras, gamle tre og mudder.  Lygnstøylvatnet har vorte ein attraktiv stad for dykkarar og snorklarar frå heile verda. Frå bygda Øya kjem du til vatnet på fylkesveg 655. Du kan også kome til Lygnstøylsvatnet frå Stryn, Hornindal og Stranda.

Foto1: ØNK, foto 2 og 3: Turistkontoret

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.