Golfsimulator (Volda golfklubb)

Volda golfklubb har ein golfsimulator av typen Trackman 4 i Strandgata 9 i Ørsta. Du kan tinge tid i simulatoren gjennom Golfbox. For å kunne tinge tid må du ha gjennomført Vegen til golf-kurset og vere medlem i ein golfklubb.

På ein golfsimulator kan du spele på golfbaner rundt om i heile verda. Du kan også trene på drivingrange, og du vil få analysert alle delar av slaget. Det er også mogleg å trene med forskjellige spel, som er artige for både unge og eldre. Om du lastar ned appen til Trackman, arkiverer han all aktivitet, slik at du kan sjå utviklinga di, og du får også eit eige Trackman handikap som justerer seg alt etter kor godt du speler på dei ulike banene som ligg inne.

Volda golfklubb arrangerer turnering kvar månad gjennom vinterhalvåret. Du kan gå den bana som du har valt, to gonger i løpet av månaden, og den beste runden tel i turneringa.

Det er også mogleg å ta delar av Vegen til golf-kurset på simulator. I tillegg til den praktiske delen på simulator må du ha ein teoridel, som er eit e-læringskurs du tek heime, og spel på bane, som du kan gjennomføre med trenar eller andre på golfbana i Vassbotnen.


Foto 1 og 3: Olav Trandal Foto 2: Margrete Sørensen

Les meir


Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.