Sæbø paintball

Mellom fjord og høge tindar i Bondalen er det tilrettelagt med ei skogsbane på om lag  50 x 100 m.  Med dei naturleg bygde hindera er dette med på å skape ei realistisk oppleving. Med eit sikkert pauseområde med grill og sitjeplasser, er dette ein ideell aktivitet for dei fleste selskap.

Kva er paintball? I eit skogsområde kan grupper kjempe for heider og ære. Reiskapen er eit gevær fylt med måling. Aktiviteten høver for både kvinner og menn i alle aldrar, og det bør vere minimum fire personar. Det er ein aktivitet fylt med fart og spaning, og det er viktig med samarbeid. Ein glimrande aktivitet for lagbygging, utdrikkingslag, bursdagar, blåturar m.m.

 

Aldersgrensa er 18 år. Deltakarar under 18 år må ha skriftleg løyveskjema. Dersom du vil reservere tid, ringjer du telefonnummeret nedanfor. Aktiviteten er tilgjengeleg i vår- og sommarhalvåret.

Tlf. +47 480 97 786

Foto: ØNK

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.