Urke Challange, Saksaløpet

Løpet går i råsa som i 2015 vart utbetra med steintrapper av sherpaer frå Nepal. Etter oppgraderinga har Saksaråsa vorte vide kjend. Det er nemleg ein tur som er overkomeleg for dei fleste, og med eineståande utsikt i storfelt natur.

Løpet vil starte ved Urke småbåthamn og ende ved fyrste toppen av fjellet Saksa, som er 1040 m.o.h.

Det er lagt opp til både turklasse og konkurranseklasse.

Det vil bli fleire drikkestasjonar langs ruta. På toppen får dei som har fullført, medalje.

Løpet blir arrangert i september, og er eit av løpet som går under cupen Alpetrippelen, ein cup som omfattar Saudehornet rett opp, Melshornløpet og Urke Challange- Saksaløpet. Dei med dei beste sluttidene samanlagt blir premierte. Det vil sjølvsagt også bli premiering av vinnarane i dei einskilde klassane og løpa.

Tlf. +47 950 65 934

Foto: Svein Urke

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.