Animation Volda Festivalen

Animasjonsfilmfestivalen i Volda blir arrangert av 1. årssteg på bachelor i animasjon, og arbeidet starta allereie i januar. Festivalstyret ynskjer alle studentar og innbyggjarar vel møtt, og festivalen kan ein få med seg både fysisk på Rokken og digitalt.

Det blir vist animasjonsfilmar som er laga av profesjonelle og studentar frå heile verda, i tillegg er der foredrag og workshops frå erfarne animatørar og frilansarar frå Noreg, Europa og USA. Festivalstyret har vore i kontakt med animatørar og regissørar som mellom anna har arbeidd for Disney, Cartoon Network og WB.

 

Det blir også fest for festivaldeltakarane kvar kveld etter at festivalprogrammet er over, og det blir musikk, dans og Super Smash Bros. ultimate turnering.

Det er også høve til å melde seg som frivillig og få gratis festivalpass for heile helga.

Animation Volda ynskjer alle velkomne på festival i september!

Billettsalet opnar i juni.

Foto: Animation Volda

Turistinformasjon

Turistkontoret på Alti i Ørsta kan hjelpe deg med tinging av opplevingar eller spørsmål du måtte ha til reisa.
Phone Icon
+47 913 67 470
Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form.