Trandalrock //Christian Gaard Bygdetun

The Coctail Slippers

Trandalrock 2024

Programmet for den årlege rockefestivalen på Christian Gaard Bygdetun klart, og det er duka for nok ein suksess!

BigBang

"Bigbang er en skatt, en urkraft i norsk rocks samtid og som i sine beste stunder trekker med seg store folkemengder på pur energi og publikumsappell (…) Det er rett og slett noe av det beste vi har sett av BigBang noensinne." (Dagsavisen om konserten på Øyafestivalen 12. august 2023, terningkast 6)

Det er lett å gløyme at Bigbang er ein trio, at alt ein høyrer og ser berre kjem frå tre musikarar. Der dei aller fleste rockband treng fire eller gjerne fem medlemmer for å halde skuta flytande, lenar den klassiske trioen seg på musikalsk dugleik, dynamikk og multitasking. Bass, trommer og ein gitar, det er det mest krevjande men kanskje også bandformatet som er det edlaste. Når det funkgerer, kan det bli magisk. Berre sjå på Cream, Nirvana eller The Jimi Hendrix Experience. Med Bigbang fungerer det.

(Presseskriv frå bandet)

Mest kjende for songane «Wild Bird», «Girl in Oslo» og «To the Mountains»

Det er ei stor glede å få ønskje Øystein Greni og resten av bandet velkommen til Trandal og vakre Hjørundfjorden.

Luxus Leverpostei

“Luxus Leverpostei består av 5 glade gutar – hovedsakleg frå Kvinesdal – i sin beste alder. Luxus har spelt over heile landet i 25 år, og dei har vorte dyktige! Dei har fått svært positive tilbakemeldingar frå publikum [...] hensikta er at folk som går på konsert, skal oppleve noko, ikkje bare høyre. [...] Luxus har vorte ”litt” meir rocka.” Fredagen vil Luxus Leverpostei besøke Trandal! Dei fleste kjenner nok til songane og songtekstane til Luxus Leverpostei, og vil synge med til dei mest kjende låtane; “Bare 4 år” og “Plastisk Kirurgi”. Vi ser fram til høg allsongfaktor og god stemning!

Rammsund

(Nynorskens Rammstein)

Bandet har som tradisjon å spele headlinerkonsert dagen før tyske Rammsteins Norgeskonsert i same by som eit slags «Rammsteinvorspiel».

The Cocktail Slippers

“Cocktail Slippers" er eit rockeband frå Oslo, kjend for sine fabelaktige rock`n roll-låtar, brilliante live-opptredenar og sitt årelange samarbeid med  Little Steven Van Zandt frå Bruce Springsteen og E-Street bandet.”

Silver Trail

Silver Trail er eit rockeband frå Sunnmøre. Bandmedlemane er Knut Eilefsen (trommer), Martin Foldal (bass), Per Arne Bjørkedal (vokal) og Frank Utgård (gitar). Musikken til Silver Trail er melodiøs rock med trøkk og fengjande refreng. Silver Trail er ute med 16 eigne låtar på albumet “Late arrival”.

MAK

MAK er eit norsk/islandsk band. Det unike lydbiletet er ei blanding av rockepåverka pop, med djupe røter både frå postrock og ambient musikk. MAK sitt lydbilete er framleis under utvikling, og komande album er ikkje heilt lik slik vi kjenner MAK i dag.

Den fyrste singelelen dei utgav; “Sirens” i 2021, fekk god respons. Seinare same året gav dei ut singelen “Unsolved”. I 2022 kom den fyrste EP`en “My Broken Mind”.

Backstage Girls

Siggen (Sigbjørn Follestad), Gard Austrheim og Frode Sundnes kjem sjølvsagt i år også. Dei opnar festivalen fredag, og har vorte Trandalrock sitt faste innslag, meir som eit husband. Med gode kjende slagerar spelar dei så allsongen ljomar og rockefoten ristar. Her blir det lova godsteming frå start til slutt.

Meir informasjon her

Other Posts

Kunstutstilling Astri Eidseth Rygh //Volda og Ørsta kunstlag, Kunsthuset

Frå 3.-25. mai blir nokre av verka til Astri Eidseth Rygh utstilt på Kunsthuset i Ørsta. Både grafikk og måleri vil bli presenterte. Fredag ettermiddag kl 18 blir det opning med kunstnaren til stades. Det blir musikalske innslag, og laurdag vil Eidseth Rygh gjennom foredrag og filmvising gje eit attersyn på sitt mangeårige og innhaldsrike kunstnarliv.
Read more
Festspelutstillar Damien Ajavon. Foto: Mallory Lowe

Festspelutstillinga //Kunsthuset, Ørsta

Damien Ajavon er årets festspelkunstnar. Ajavon er ein afrikansk-europeisk tekstilkunstnar, fødd i Frankrike og med senegalske og togolesiske røter. Er i dag busett i Noreg. Utstillinga heng oppe frå 6. juni til 29. juni.
Read more

Street Food til Ørsta og Volda

Den 6.-9. Juni og den 25.-28. Juli kan du la smak- og luktesans få meske seg. Då kjem nemleg Food trucks i lange baner rullande til Ørsta og Volda med mat frå alle verdshjørner.
Read more