Festspelutstillinga //Kunsthuset, Ørsta

Festspelutstillar Damien Ajavon. Foto: Mallory Lowe

Påverka av både afrikansk og vestleg kultur, står ønsket om å kombinere kulturar og skape noko nytt og vakkert sentralt i Ajavons arbeid. Verka speglar ei personleg utforsking av identitet og andre personlege tema, og ønsket om å dele inspirerande historier gjennom tekstilkunsten. Slik formidlar Ajavon både personlege og universelle forteljingar om identitet og kulturarv gjennom arbeida sine.

Kunstnaren vil vere til stades under opninga torsdag og fortelje om kunsten sin. Direktør Susanne Svenseid i Norske Kunstforeninger vil også vere til stades. Ho vil introdusere årets festspelkunstnar og fortelje om debutantprisen Ajavon blei tildelt i fjor.

Utstillinga opnar den 6. juni, kl. 16.30

Gratis inngong.

Les meir om utstillinga her

Kunsthuset

Other Posts

Kunstutstilling Astri Eidseth Rygh //Volda og Ørsta kunstlag, Kunsthuset

Frå 3.-25. mai blir nokre av verka til Astri Eidseth Rygh utstilt på Kunsthuset i Ørsta. Både grafikk og måleri vil bli presenterte. Fredag ettermiddag kl 18 blir det opning med kunstnaren til stades. Det blir musikalske innslag, og laurdag vil Eidseth Rygh gjennom foredrag og filmvising gje eit attersyn på sitt mangeårige og innhaldsrike kunstnarliv.
Read more

Street Food til Ørsta og Volda

Den 6.-9. Juni og den 25.-28. Juli kan du la smak- og luktesans få meske seg. Då kjem nemleg Food trucks i lange baner rullande til Ørsta og Volda med mat frå alle verdshjørner.
Read more
Indiefjord

Festivaleventyr i Ørsta/Volda

Festivalbygdene Ørsta/Volda har eit imponerande program for våren og sommaren 2024! Med eit mangfald av arrangement å velje mellom, er det på tide å fylle kalenderen din med spenning og gode opplevingar. Fra kor til rap, blues til rock, og alt imellom - her er noko for alle musikkinteresserte. I tillegg kan du utforske ølbrygging, natur og kultur. For å sikre deg plass, både på arrangement og overnatting, er det lurt å vere tidleg ute. Så grip sjansen til å bli smitta av festivalstemninga og bli med på det yrande folkelivet når festivalsesongen tek til!
Read more