Festivaleventyr i Ørsta/Volda

Foto: Heinz Brossolat

Festivaoversikt:

X2- Festivalen 9.-11. april

XFree Foto: Guro Kleiv

Sjå program

Kyrkjemusikkveka 19.-28. april

I år vert Kyrkjemusikkveka arrangert i samband med biskopen i Møre sitt besøk i Volda 19.–28. april. Det vil vere konsert i alle kyrkjene i Volda kommune- frå salmekveld via konsert med lokale musikkkrefter til festgudsteneste.

Fredag 19. april kl 1800 – Hornindal kyrkje
Salmekveld

ein "Salme-ynskje-kveld" der kyrkjelyden har levert sine songønskje i forkant.

musikarane tek også opp spontane ynskje frå frammøtt publikum.

medverkande: Magne Maurset, Kristina Tveitdal Tomasgard, Christine Helgesen, John Inge Leira Bjøringsøy (trøorgel), Morten Bollerud (trekkspel), Erlend Koppen (piano), Bert Handrick (orgel, piano)

Kollekt ved utgangen

kyrkjekaffi etterpå

Laurdag 20. april  kl 1900 – Dalsfjord kyrkje
Konsert med lokale musikarar

Dalsfjord er kjend for sitt rike musikkmiljø.

med Erlend Koppen (orgel, piano), Hildegunn Hovde (song), Dalsfjord mannskor, Lauvstad musikkorps.

Billett: kr 200,-

Søndag 21. april 2024 kl. 11.00 – Kilsfjord kyrkje
Jubileumsgudsteneste – 50 år Kilsfjord kyrkje

Kilsfjord kyrkje feirar sitt 50 års-jubileum i år med denne festgudstenesta. Kilsfjord sokneråd er arrangør.

Medverkande: Erlend Koppen (organist), Fjordafolk (dirigent: Erlend Koppen)

Deltaking av konfirmantar, tårnagentar o.a.

Kyrkjekaffi etterpå.

Tysdag 23. april 2024 kl. 14.00 – Jensagarden på Bjørke
Intimkonsert på Jensaløda

Organist på Bjørke, John Inge Leira Bjøringsøy, skal vise biskopen i Møre rundt på garden sin, men også vere vert og solist for ein halvtimes konsert i løda si. Det vert jazzinspirert piano- og trøorgel-improvisasjon.

Kollekt

Onsdag 24. april kl 0900 – Volda kyrkje
Morgonmesse

Prestevikar Rolf Schancke Eikum og kantor Bert Handrick har liturgisk og musikalsk ansvar

det blir klangimprovisasjon på piano og orgel

Fredag 26. april kl 1800 – Austefjord kyrkje
Konsert med lokale musikarar II

Musikkmiljøet blomstrar også i Austefjord og nærliggande grender, og det skal visast fram.

Medverkande: Knut Sverre Nes (song), Kristine Sofie Orheim Hansen (fiolin), Austefjord hornmusikk, Morten Bollerud (trekkspel, piano), Bert Handrick (orgel) og fleire.

Kyrkjekaffi etterpå.

Billett kr 200,-

Søndag 28. april kl 1100 – Volda kyrkje
Visitasgudsteneste

Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, prost Ingeborg Matre og sokneprest Per Kristian Hovden Sætre har liturgisk ansvar mens kantor Bert Handrick står ansvarleg for det musikalske medverkande: Volda kyrkjekor med songarar frå Fjordafolk og Volda Vokal, Leif Atle Strand, Per Gunnar Flø, Arild Andenes (alle tre trompet), Alexander Minkov (pauke), Bert Handrick (kantor). Framføring av m.a. salmearrangementet "Lovsyng vår Herre, den mektige kongen" for 3 trompett, pauke og korVolda kyrkjekor skal syngje også "Agnus Dei" frå Missa brevis voldensis op. 40 som kantor Bert Handrick har komponert til koret.

Les meir

Foto: Volda kyrkje

Den Norske Dokumentarfestivalen 9. -11. mai

Høgskulen i Volda vi heilt sidan 1997, samla filmskaparar og publikum, i vakre Volda for å skape glede og engasjement rundt den unike kunstforma – dokumentarfilm. Den ideelle kombinasjonen av vestlandsluft og dokumentarfilm, kan du ikkje kan gå glipp av. Du er hjarteleg velkomen til årets dokumentarfilm festival i Volda.

Les meir

Bygdepride 4.-11. mai

Bygdepride er både fest og protest. Gjennom Bygdepride-festivalen ønskjer arrangørane å synleggjere at bygda er for alle.

Konsertar, føredrag, litteraturfest, dragshow, kjærleikskafear, regnbogemesse: Det blir Bygdepride slik folk kjenner det med ei rekkje arrangement i Volda og Ørsta kommunar.

Sjå program

Foto: Martin Giskegjerde

Festspela 6.-9. juni

Festivalen Festspela har sidan 1992 vore ei årleg feiring av nynorsk språk og kultur. Under Festspela får du møte aktuelle forfattarar, artistar og fagfolk. Du får oppleve konsertar, teater, litteratur, og kunst.

Det yrer av liv i Aasentunet under festspeldagane. Uteamfiet blir fylt med underhaldning for publikum i alle aldrar, med pop-, rock-, folkemusikk- eller jazzkonsertar, barneteater og gudsteneste.  Inne i salen kan du oppleve teater, forfattarmøte, meir intime konsertar og kulturfaglege førelesingar. Kafeen er open og har eit variert tilbod med lunsj, middag og kaker alle dagane. Som gjest på festivalen har du gratis inngang til museumsutstillinga heile helga. Museumsbutikken har som alltid gode Festspel-tilbod.  

Festspela har også arrangement andre stader i Ørsta og Volda desse dagane.

PROGRAM

6. juni kl 1630 HØGSKULEN I VOLDA

Fagdag:

Nynorsk litteratur der ute – og heim igjen

Å snakke om nynorsk litteratur i ein internasjonal samanheng er meir aktuelt enn nokon gong før, etter at Jon Fosse vart tildelt nobelprisen i litteratur i 2023. Fagdagen er eit samarbeid mellom Nynorsk kultursentrum og Høgskulen i Volda i samband med Festspela 2024.

Påmelding

6. juni kl 1830 KUNSTHUSET I ØRSTA

Opning:

Festspelutstillinga

Årets festspelkunstnar er Damien Ajavon, som under Festspela stiller ut tekstilkunst på Kunsthuset i Ørsta. Utstillinga opnar torsdag 6. juni, og heng oppe til 29. juni.

Gratis

6. juni kl 2000 AASENTUNET
Opning av Festspela 2024

Vi inviterer til opning av Festspela på utescena i Aasentunet. Festspeldiktaren les og det blir opningstale, musikalsk innslag ved Mari Kvien Brunvoll og utdeling av prisen Årets nynorskbrukar.

Gratis

6. juni kl 2200 AASENTUNET

Konsert: Odin

Opningskonserten på Utescena torsdag 6. juni er med Odin Staveland, under artistnamnet Odin. Han er for mange kjend som låtskrivar, vokalist og trommeslagar i Vamp. I 2024 er Odin aktuell som deltakar i TV2-programmet Hver gang vi møtes.

Fredag 6. juni kl 2200 MØRE FOLKEHØGSKULE

Målbar:

Bokbar med Heidi Marie Vestrheim og Brit Aksnes

Ungdomsvenane Heidi Marie og Brit inviterer til ein underhaldande torsdagskveld på Møre folkehøgskule i Ørsta.

7. juni kl 1000 MØRE FOLKEHØGSKULE
Premiere: Blindsone

Framsyninga tek utgangspunkt i Eit anna blikk av Erlend Skjetne, og fokuserer på representasjon, språk og definisjonsmakt. Mine Nilay Yalcin er manusforfattar og regissør.

Gratis

7. juni kl 1115 MØRE FOLKEHØGSKULE

Samtale: Nynorsk som scenespråk

Kva, kvifor og korleis bruke nynorsk som scenespråk? Kva er det nynorske språket sin estetiske eller materielle dimensjon i dag? Og for kven?

Gratis

7. juni kl 1200 AASENTUNET

Føredrag: Minneføredraget

Kvart år presenterer Festspela Ivar Aasen-minneføredraget. Her kan publikum få nye tankar og perspektiv kring ulike spørsmål om tilhøva for nynorsk i dag. Forfattar Kristin Fridtun held årets føredrag og tek utgangspunkt i den vanlege «folkesjukdomen» det er å irritere seg over skrivefeil.

7. juni kl 1230 ØRSTA FOLKEBIBLIOTEK

Festsprell: Forfattarbesøk med Anders Totland – Gunnars rekordbok

Anders Totland er forfattar og journalist. Fredag 7. juni besøker han biblioteket i Ørsta med boka Gunnars rekordbok.

Gratis

7. juni kl 1300 AASENTUNET

Forfattaren les: Heidi Marie Vestrheim – Jenny Fender

Debutantprisvinnar Heidi Marie Vestrheim er programleiar i TV og radio, musikar, låtskrivar og forfattar. Jenny Fender er hennar første barnebok og er ei forteljing om vennskap, rock og kjærleik.

Gratis

7. juni kl 1330 AASENTUNET

Medietimen

Møt vinnaren av nynorskprisen for journalistar 2024! Juryleiar Solveig Barstad (TV 2) står for den høgtidlege utdelinga av Kultur- og likestillingsdepartementets nynorskpris for journalistar.

Gratis

7. juni kl 1430 AASENTUNET

Samtale: NORLA i samtale med Knut Ødegård om omsetjing frå og til nynorsk

I denne samtalen går Oliver Møystad og Knut Ødegård inn i arbeidet med omsetjing av Ødegård og andre sine tekstar til og frå nynorsk, og samtalar om nynorsk litteratur sin plass internasjonalt.

Gratis

7. juni kl 1500 AASENTUNET

Samtale: Å skrive ein heim: Maria Parr, Ingunn Thon og Sunniva Relling Berg

Kva skaper ein heim i litteraturen? Maria Parr, Ingunn Thon og Sunniva Relling Berg skriv alle barne- og ungdomsbøker som tematiserer «heime» på ulike måtar.

7. juni kl 1615 AASENTUNET

Forfattarane les: Opplesingar ved Forfattarskulen

Elevane ved Samlagets forfattarskule for skrivande med minoritetserfaring deler sjølvskrivne tekstar. Opplesingane er leia av Kathrine Nedrejord.

Gratis

7. juni kl 17.00 AASENTUNET

Samtale: «Koffor hvert vi så iriterte på skrive feil? »

Lurer du på kvifor det skapar så mykje engasjement å sjå  ord og setningar skrivne feil? Då bør du få med deg samtalen mellom filolog Kristin Fridtun og komikar André Ulveseter.

7. juni kl 1800 AASENTUNET

Forfattaren les: Maria Parr – Oskar og eg

Maria les frå boka Oskar og eg, som ho vann Brageprisen for i 2023. Her møter vi storesøster Ida og veslebror Oskar, gjennom små og engasjerande forteljingar i kvart kapittel.

Gratis

7. juni kl 1830 AASENTUNET

Samtale: Runar Gudnason og Jørgen Nordeng om dialekt og heim i rap

Jørgen Nordeng og Runar Gudnason er begge artistar, kjende for val av språk i songtekstane sine. No går dei djupare inn i kvifor dialekt er så viktig i dikting, kva det betyr for dei å bruke talemålet sitt og korleis tema som heim og heimstad ligg der som eit bakteppe i mange av tekstane.

7. juni kl 2300 MØRE FOLKEHØGSKULE

Målbar: Kviss med Store norske leksikon

Kven er vel betre på kviss enn ein vaskeekte leksikonredaktør? Store norske leksikon køyrer på med spørsmål om alt mellom himmel og jord.

8. juni kl 1100 FRU SVENDSEN, ØRSTA

Forfattarbesøk: Knut Ødegård les

Nyt ein god frukost og kaffi i Svendsengarden denne laurdagsmorgonen, i selskap med festspeldiktaren sjølv. Knut les utdrag frå utvalde titlar i  sin forfattarskap.

Gratis

8. juni kl 1200 AASENTUNET

Festsprell: Familiekonsert Kråkebollane

Kom og opplev familiekonserten Konrad Kråkebolle og andre Fjærefantar med bandet Kråkebollane.

8. juni kl 1300 AASENTUNET

Festsprell: Barnebokbad med Maria Parr

Fjerdeklassingane Jakob, Sebastian og Georg har fordjupa seg i storsuksessen Oskar og eg. Laurdag 8. juni kan du vere med når gutane får stille eigne spørsmål om boka til forfattaren Maria Parr.

8. juni kl 1400 AASENTUNET

Debutantane les: Monica Goksøyr og Ellen Harrison

Monica Goksøyr les frå debutboka si Slemme jenter, og Ellen Harrison les frå debutdiktboka si Søv berre når du søv.

Gratis

8. juni kl 14.30 AASENTUNET
Føredrag: Fosse på 1-2-3 ved Cecilie Seiness

Er du nysgjerrig på kven Jon Fosse er eller kanskje er du ein ordentleg Fosse-kjennar og vil lære meir? Få med deg “Fosse på 1-2-3″, med ingen ringare enn Fosse sin redaktør i Samlaget, Cecilie Seiness!

8. juni kl 1600 AASENTUNET

Debutantpraten: Samtale mellom Monica Goksøyr og Ellen Harrison

Inger Johanne Sæterbakk samtalar med debutantane Monica Goksøyr og Ellen Harrison om forteljingane deira.

8. juni kl 1730 AASENTUNET

Forfattaren les: Inger Johanne Sæterbakk – Hjartespreng

Inger Johanne Sæterbakk les frå ungdomsromanen Hjartespreng. I boka får vi høyre om Inga, som kjenner at det ikkje er heilt enkelt å vere 16 år.

Gratis

8. juni kl 1800 AASENTUNET

Samtale: Knut Ødegård og Lars Amund Vaage – heimstaden i litteraturen

Forfattarane Knut Ødegård og Lars Amund Vaage samtalar med Jan Inge Sørbø om omgrepet “heim” og kva rolle heimstaden spelar i litteraturen deira.

8. juni kl 2000 AASENTUNET

Konsert: Kari Bremnes

Bremnes har i løpet av 40 år etablert seg som ein av landets fremste artistar. Den prisvinnande tekstforfattaren, melodiskaparen og songaren frå Lofoten er kjend for sitt nære og sterke tekstunivers, ofte i ei melankolsk og nordvendt stemning.

8. juni kl 2300 MØRE FOLKEHØGSKULE

Målbar: Planet Ørsta i samtale med Egil Olsen

På Målbar får me møte ein av skaparane av Planet Ørsta og me får høyre meir om bygdekulturen i Planet Ørsta-universet. Musikar Egil Olsen er utflytta Ørsting og har medverka i ein av episodane. Samtalen blir leia av Olav Øyehaug Opsvik.

Søndag 9. juni kl 1100 AASENTUNET

Festspelgudsteneste og festspelkaffi

I år er det sokneprest Marita Bjørke Ådland som held preika på festspelgudstenesta i Aasentunet. Ho har sitt daglege virke i Slemmestad og Nærsnes menighet, skriv andakter i Vårt Land, dikt og salmar. Ådland har hovudfag i nordisk litteratur og jobba i fleire år som lektor før ho blei ordinert til presteteneste i Den norske kyrkja.

Festspeldiktar Knut Ødegård bidreg med tekstlesing i gudstenesta.

9. juni kl 1000 AASENTUNET

Samtale: Jan Ove Ulstein og Knut Ødegård – livssyn i dikting

Festspeldiktar Knut Ødegård samtalar med Jan Ove Ulstein om sitt brennande engasjement for menneskeverd og dei umælande, undertrykte og forfølgde folk og folkeslag.

9. juni kl 1415 AASENTUNET

Stemnetale og konsert: Ivar Aasen-stemnet: Gabriel Fliflet – I lys loge

Søndag 9. juni kjem musikk skriven og framført av Gabriel Fliflet band, no med nye tekstar av forfattaren Kjartan Fløgstad. Under Ivar Aasen-stemnet får vi oppleve I lys loge, som er tingingsverket til neste års Vossa Jazz.

Kathrine Nedrejord held i år den tradisjonsrike stemnetalen. Talen tek utgangspunkt i årets tema Heime – Ute.

Sjå program

Trandalrock 7. og 8. juni

Fredag 7. juni

kl 1500: Dørene opnar

LUXUS LEVERPOSTEI

BACKSTAGE GIRLS

kl 0200: Dørene stenger

Laurdag 8. juni

kl 1500: Dørene opnar

BIGBANG

RAMMSUND

THE COCKTAIL SLIPPERS

SILVER TRAIL

MAK

kl 0200: Dørene stenger

Sjå program

The Coctail Slippers

Tonehimmel 26.-30. juni

Therese Birkelund Ulvo og Jan Erik Mikalsen er fokuskomponistar, i tillegg vert det òg framført verk av og møte med komponistane Rolf Gupta, Kristin Bolstad, Jorun Marie Kvernberg, Magnar Åm, Hans Robert Bondhus, Robert Løkketangen og Øyvind Robak og kan hende endå fleire.

Naturen, tida og leiken ventar på oss. I ei veke skal vi saman skape eit ope rom der vi kjenner på samtida, kva det vil seie å leve no, i vår tid. Kven er vi, kva vil vi og kvifor gjer vi det vi gjer? Ei veke skal fyllast med musikk, vandringar, samtale, leik, verkstader, improviasjon, familieforestillingar og mykje anna. La sunnmørsnaturen, musikken og nye menneske fylle deg med nye tankar, minner og opplevingar.

På tonehimmel er alle deltakarar

komponistar, musikarar, lyttarar,

fuglar, insekt, vinden

alt som er mellom oss er ein del av konsertane våre

vi skaper dei saman.

Les meir

Trandalblues 5. og 6. juli

Bratt og Blått inviterer til ny bluesfest "Verdens vakraste bluesfestival" på Trandal i vakre Hjørundfjorden.

Trandalblues 2024 blir den 17. bluesfestivalen i rekkja, og programmet byr som alltid på fleire spanande norske og internasjonale artistar.

Det blir høgt musikalsk nivå og stor musikalsk variasjon - garantert!

Fredag 5. juli 2024:

Konsertstart kl 1900

Greg Izor & Deja Voodoo Trio

Reidar Larsen & Hjemmelaget

Eidem

T.B.A.

Laurdag 6. juli 2024:

Konsertstart kl 1800

Vetrhus Bluesband

Good Time Charlie

Danielle Nicole Band

Faculty of Funk

Les meir

Indiefjord 13. og 14. juli

Det er i år ti år sidan første Indiefjord-festivalen på Bjørke. Sjølv om festivalen har vekse seg noko større, held arrangørane på same formatet. Det handlar om nye og gamle vennskap, indiepop, fjord og fjell, kunst og kultur. Festivalen oppstod med draumen om å ta med indiepopen til Hjørundfjorden, og på Bjørke yrar det av liv kvart år denne helga i juli.

Festivalen er internasjonal, både når det gjeld band og publikum. I skrivande stund er ikkje heile programmet heilt spikra enno, men det vert mykje av det same som dei andre åra; fossevandring, morgondisco, kunstutstillingar, konsertar ymse stadar i bygda, diskotek og matstandar. Av banda som skal spele kan ein nemne Randolph’s Leap frå Skottland, eit åttemanns indiepoporkester, Kindsight frå Danmark som er spådd ei lysande popkarriere og norske Dylan Mondegreen med sine melodiske låtar. Mange fleire band frå heile verda speler også denne helga. Du finn komplett program her

Foto: Heinz Brossolat
Foto: Heinz Brossolat

Sommarljom 1.-3. august

Program:

Torsdag 1. august
Buga-fjøra:

Workshop for born med Karin Augusta Nogva

Yoga i Buga-fjøra og kunstnarsamtale

Fredag 2. august
Buga-fjøra:

Performance: Gabriel Edvinsson

Konsert: Nora Aurdal

Ytre-Hovden:

Runar Gudnason trio

Ævestaden

Pom Poko

Performance med Karin Augusta Nogva

Laurdag 3. august
Buga-fjøra:

Performance: Ásta Fanney Sigurdardottir

Konsert: Solveig Wang

Ytrehovden:

Sondre Lerche

Harald Lassen

Ole Mofjell & 3 Days of Maceration

Foto: Jacob Stærk
Foto: Jacob Stærk

Kulturdagane i Hornindal 2.-4. august

Under kulturdagane blir det familieshow med barne-TV-serien Vennebyen,  det blir utedans, konsertar, karneval, vetaranbilløp, traktorparade, ta sjansen, utefrukost, kafear og stander. Meir program kjem etterkvart.

Les meir

Trandal countryfestival 8.-11. august

Festivalen går føre seg på Christian Gaard Bygdetun på Trandal. Med ei formidabel utsikt til spisse tindar og sjølvaste Hjørundfjorden er rammene rundt festivalen perfekte. Dette er staden Vassendgutane syng om. Christian Gaard Bygdetun er kjend for sin gjestfridom, gode måltid og mange festivalar. Når du reiser frå Trandal er kjensla; hit vil du attende! Detter er ein festival der arrangørane "tørkar støv" av tidlegare stor Countrystemmer og presenterer store nye artistar.

Erlend Gunstveit

Big – B & The Wranglers

Andrè Gussiås Band

Eivind & The Basement Boys

Get Rhythm

Ann Kristin Eikeland

Sivert Bjørdal Band

Les meir

Erlend Gunstveit, deltakar i The Voice 2021 kjem til Trandal.
Du kan sjå nog høyre Ann Kristin Eikeland, deltakar i The Voice 2022 på Trandal Countryfestival.

Dansegalla 22.-24. august

Det blir dansegalla i Hornindal også i år.

Torsdag

Kathe`s  spelar i Grobygget (i sentrum). Dørene opnar kl 2000. Musikk frå kl 2030-0030.

fredag

Dænsebændet og Steinar Engelbrektsson Band i Honndalshallen. Dørene opnar kl 1930, musikk frå 2030-0200.

laurdag

Donnez og Vagabond spelar i Honndalshallen: Dørene opnar kl 1930. Musikk frå kl 2000-0200.

 

Musikk i Gro-parken på dagtid laurdag.

Høve til parkering av bubil og campingvogn, tilgang til straum.

Førehandssal på Tikkio.

Skjenkeløyve, 18 års aldersgrense

 

Les meir

Hjørundfjord mat og kultur 7. september

Hjørundfjordmat, kultur og natur er ein festival med fokus på mattradisjonar, kultur og naturen rundt Hjørundfjorden. Der vil vere boder med sal av lokalprodusert mat og handverk, og det blir underhaldning med både faglege og kulturelle innslag. I Kapteinskvia vil det vere eige opplegg for born. Det vil vere høve til å kjøpe mat og drikke.

Meir informasjon kjem.

Hjørundfjor mat og kultur Foto: ØNK

Sunnmøre kammermusikkfestival 1. -7. september

Det blir konsertar med artistar som:

Dorottya Lang (HU), mezzosopran

Wolfgang Plagge, Klavér

Annar Follesø, fiolin

Janina Kronberger (DE), fiolin

Martha Husum, brasj

Natalie Loughran (US), bratsj

Ernst Simon Glaser, cello

Jonatan Aasgaard, cello

Konsertar på stadar som: St. Jetmund Kyrkje, Aasentunet, Volda Kyrkje, Rekkedal Gjestehus m.m.

Oppdatering kjem!

Frå avslutningskonserten i 2023 Foto: Pernille Holsvik

Animation Volda 21.-24. september

Animasjon Voldafestivalen er eit årlig arrangement der animasjonsstudentar, hovudsakleg frå bachelor-programmet står som arrangørar. Festivalen utforskar mediet animasjon gjennom foredrag, workshops, gjesteforelesarar, visningar og festar.

Meir informasjon kjem.

Norsk kornølfestival 3.-5. oktober

Kornølfestivalen har sett Hornindal på ølkartet i heile verda (New York Times, Unfiltered Journeys) og skaper mykje merksemd rundt ekte norsk ølkultur.

Torsdag 3. oktober

1900-2200: Oppskåke i gamalt eldhus (krev eigen billett)

Fredag 4. oktober

Kl 1000 til 1600: Tradisjonsbrygging i eldhus

Bryggesesjon i tradisjonelt eldhus for å brygge kornøl saman med erfaren tradisjonsbrygger fredag før festivalen. Det blir servering av snacks.

Laurdag 5. oktober

Meir informasjon kjem etterkvart.


Les meir

Brygging av øl med kveik Foto: Rune Mårstøl

Det blir fortløpande oppdateringar av festivalprogramma når meir informasjon er tilgjengeleg.

Other Posts

Kunstutstilling Astri Eidseth Rygh //Volda og Ørsta kunstlag, Kunsthuset

Frå 3.-25. mai blir nokre av verka til Astri Eidseth Rygh utstilt på Kunsthuset i Ørsta. Både grafikk og måleri vil bli presenterte. Fredag ettermiddag kl 18 blir det opning med kunstnaren til stades. Det blir musikalske innslag, og laurdag vil Eidseth Rygh gjennom foredrag og filmvising gje eit attersyn på sitt mangeårige og innhaldsrike kunstnarliv.
Read more
Festspelutstillar Damien Ajavon. Foto: Mallory Lowe

Festspelutstillinga //Kunsthuset, Ørsta

Damien Ajavon er årets festspelkunstnar. Ajavon er ein afrikansk-europeisk tekstilkunstnar, fødd i Frankrike og med senegalske og togolesiske røter. Er i dag busett i Noreg. Utstillinga heng oppe frå 6. juni til 29. juni.
Read more

Street Food til Ørsta og Volda

Den 6.-9. Juni og den 25.-28. Juli kan du la smak- og luktesans få meske seg. Då kjem nemleg Food trucks i lange baner rullande til Ørsta og Volda med mat frå alle verdshjørner.
Read more