Stay three nights-pay for two //Hotel Union Øye

Foto: 62°Nord

Grepet frå vinteren slepp taket litt etter litt og fjordane på Vestlandet og dei majestetiske Sunnmørsalpane byd på eit bakteppe utan sidestykke. Forholda er framleis perfekt for skigåing, og dei erfarne naturguidane er klare for at du skal få mest mogeleg ut av ditt neste alpine eventyr.

Les meir

Other Posts

Kunstutstilling Astri Eidseth Rygh //Volda og Ørsta kunstlag, Kunsthuset

Frå 3.-25. mai blir nokre av verka til Astri Eidseth Rygh utstilt på Kunsthuset i Ørsta. Både grafikk og måleri vil bli presenterte. Fredag ettermiddag kl 18 blir det opning med kunstnaren til stades. Det blir musikalske innslag, og laurdag vil Eidseth Rygh gjennom foredrag og filmvising gje eit attersyn på sitt mangeårige og innhaldsrike kunstnarliv.
Read more
Festspelutstillar Damien Ajavon. Foto: Mallory Lowe

Festspelutstillinga //Kunsthuset, Ørsta

Damien Ajavon er årets festspelkunstnar. Ajavon er ein afrikansk-europeisk tekstilkunstnar, fødd i Frankrike og med senegalske og togolesiske røter. Er i dag busett i Noreg. Utstillinga heng oppe frå 6. juni til 29. juni.
Read more

Street Food til Ørsta og Volda

Den 6.-9. Juni og den 25.-28. Juli kan du la smak- og luktesans få meske seg. Då kjem nemleg Food trucks i lange baner rullande til Ørsta og Volda med mat frå alle verdshjørner.
Read more