Sommar på musea i Ørsta/Volda 2025

Svormuseet Foto: Marius Beck Dahle

Anders Svormuseet

Anders Svor-museet ligg idyllisk til ved Hornindalsvatnet. Den arkitektteikna bygninga frå 1953, omgitt av ein vakker skulpturpark, er vigd bilethoggaren Anders Svor.

Ope:

22.juni - 16. august

Onsdag-sundag

kl 1100-1600

Sesongopninga er sundag 22.juni klokka 11. Museet held stengt laurdag 28. juni på grunn av førebuingar til framsyninga sundag 29. juni.

Arrangement:

Røyster av YKS Ung og Solveig Styve Holte 29. juni kl 1400-1500

Velkomen til framsyning på Anders Svor-museet sundag 29. juni kl 1400 – «Røyster» av YKS Ung og Solveig Styve Holte!

Les meir

Kart

Foto: Kristin Støylen / Viti

Bakketunet

Inst i Hjørundfjorden i kulturbygda Bjørke, ligg det freda Bakketunet med sine seks ærverdige bygningar der tømmeret i dei eldste husa er datert attende til 1549. Dette er difor det eldste heilskapelege gardstunet på Sunnmøre med, og etter seiande, den eldste grindløda i landet.

Kunst-Strikk-Byggeskikk er stikkorda for kva du kan sjå og oppleve i Bakketunet.

Det er måleri- og gafikkutstilling av kunstnaren Roar Kjærnstad som heng på veggane på Bakketunet denne sommaren.

- Sal av mat

- Sal av Hjørundfjordstrikk

Bakketunet på Bjørke har sesongopning den 29. juni, og vil halde ope kvar søndag mellom kl 1200-1700 til slutten av august. Elles etter avtale.

Tlf. +47 911 08 846

Les meir

Bakketunet Foto: Privat
Bakketunet Foto: Privat
Hjørundfjordstrikk Foto: Privat

Les meir

Kart

Brudavolltunet

Brudavollen er eit autentisk gardstun som ligg solrikt og idyllisk til høgt oppe i dalsida i Ørsta kommune. Både bygningar og landskap har høg kulturhistorisk verdi, og fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet. 

Saman med inngangsbilletten får du eit flott heftemed historia til dei gamle husa, om kulturmarka og den vakre hagen.

Her blir du også betre kjend med Brudavollfolket, som- med unntak av ein kort periode, var den same slekta som budde på Brudavollen frå 1603 til 1963.

Ta gjerne med deg nistepakka, kvil beina og set deg ved den store, flotte steinhella. I heftet les du meir om korleis denne enorme hella hamna akkurat her..

Sommar i tunet

Mykje kjekt å lære og gjere for heile familien på Brudavolltunet i sommar!

Bli med på konsertar, grautasøndagar, olsokfeiring, markavandring og mykje meir!

Tunet vil halde ope kl 1200-1600 kvar onsdag i tidsromet 25. juni-13. august, elles etter avtale.

Arrangement:

Spinnville dagar 24. – 26. juni

Handverksdagane «Spinnville dagar» på Brudavolltunet. Hugs påmelding!

Markvandring – kva veks i Brudavolltunet? 2. juli kl 1400 –1600

Bli med oss på markvandring i Brudavolltunet og bli kjend med plantane som veks her.

Korleis påverkar klimaendringar plantane - og kva vi kan gjere for å ta betre vare på slåtteenga?

Ørsta bygdemuseumslag inviterer til grautasøndag på Brudavolltunet 6., 13, og 20.juli!

Grautasøndag 6. Juli kl 1300 –1600

Grautasøndag og song i tunet 13. juli kl 1300– 1600

Søndag 13. juli høyrer du også vakre tonar i tunet!

Grautasøndag og konsert i tunet 20. juli kl. 1300– 1600

Denne dagen får du også høyre vakre tonar i tunet!

Kl 1400 spelar Åsmund Arnesen Farstad instrumental og vokalmusikk frå heimtraktene, Nordvestlandet, med Sunnmøre og Nordfjord.

Olsok i tunet 29. juli, kl 1500– 1800

Ørsta bygdemuseumslag ønskjer velkomen til olsokstemne i tunet på Brudavollen.

I tråd med tradisjonell olsokfeiring vert det sal av rjomegraut, kaffi, sveler og natronkaker.

Gudsteneste i tunet.

Museumslaget vidarefører det årvisse samarbeidet med Ørsta kyrkje, og det vert gudsteneste i tunet frå kl 1700.

 

Markvandring 11. august, kl. 1400– 1600

Det nærmar seg slått! Korleis vurderer vi slåttetidspunkt i ei tradisjonell slåtteeng?

Bli med oss på vandring i slåttmarkane, og for å sjå om det er klart for slått.

 

Friluftsjazz for barn i tunet 13. august kl 1700-1900

I eit samarbeid mellom Jazzsirkelen, DNT Sunnmøre og Viti kombinerer vi musikk, friluftsliv og historie.

I tunet tek Lena Nymark og Eldrid Schrøder Kvalvik tek oss vel imot og leier oss inn i ei musikalsk eventyrstund med det kjend eventyret «Hans og Grete».

Les meir her

 

Slåttedugnad 12. – 15. august kl 0900-1600

Lyst til å vere med på ein god gamaldags slåttedugnad?

Då tek du med ljå og rive og blir med på slåttedagar på Brudavolltunet.

 

Rakstedugnad 16. august kl 1000– 1500

Vil du vere med på dugnad for å rake graset etter slåtten?

Vi er komne godt i gong med slåtten av den tradisjonelle slåtteenga her på Brudavolltunet.

 

Les meir

Kart

Brudevolltunet Foto: Marius Beck Dahle
Smia i Brudevolltunet Foto: ØNK

Bjørkedal båtsamlingar

Båtsamlingane fungerar slik at folk kan gå rundt og sjå sjølve. Alle større båtar står i hus som er opne. Samlinga av modellar som Saxe Bjørkedal har bygd, kan sjåast gjennom vindu.

Det er mogleg å avtale omvising.

Tlf +47 907 31 708/ +47 909 18 712

Kart

Bjørkedal båtsamlingar Foto: Dag Inge Bjørkedal

Volda Bygdetun og Garverimuseet

Tunet ligg vakkert til på Haueleite ved foten av Rotsethornet med utsikt over fjorden. Volda bygdetun på Haualeite er bygdemuseum for Volda Kommune. I dag har bygdetunet kring 20 bygningar som er ordna lik ein vanleg sunnmørsgard frå midten av 1800-talet. Det eldste huset på tunet er ei sengjabu frå 1500-talet. Garverimuseet ligg i Rotsetfjøra i Volda sentrum. I dette garveriet vart det drive organisk garving samanhengande frå 1870 til 1971. Garveriet er intakt med komplett utstyr for organisk garving.

Ta kontakt for omvisning.

Tlf: +47 918 42 458

Les meir

Kart

Volda bygdetun Foto: Odd Kåre Fløtre
Volda bygdetun Foto: ØNK

VD-museet

Fiskeri var gjennom størstedelen av 1900-talet ei hovudnæring i Vartdal. Frå 1912 var havfiske ei næring som sysselsette mange frå Vartdal-bygdene og etter kvart heile Sunnmøre, samt andre delar av kyst-Noreg og frå Færøyane. VD-muséet har hundrevis av bruksgjenstandar frå denne tida, alt frå enkle handreiskapar til teknisk avansert utstyr nytta til fiskeleiting. Her er illustrasjonar som syner korleis fisket gjekk føre seg og fiskarlivet arta seg, uttrykt både gjennom ei mengd foto, plansjar og audiovisuelle framsyningar. I museumssamlinga inngår også nokre modellar av eldre fiskefarty og bilete av alle VD-registrerte havfiskebåtar.

Museet held ope kl 1800-2100 den fyrste torsdagen i kvar månad. Elles etter avtale.

Tlf. +47 481 47 499

Les meir

Kart

Ei av utstillingane ved VD-museet Foto: VD-museet

Aasentunet

Aasentunet er eit av få språkmuseum i Norden. Her kan barn og vaksne oppleve språk, litteratur, arkitektur, kunst og musikk.

Ei omvising gjennom det gamle tunet på garden Åsen, og gjennom nybygget i Aasentunet, gjer at publikum får meir ut av ei vitjing. Ei omvising varer kring 20 minutt.

Museumsbutikken og kafeen følgjer museet sine opningstider, i tillegg held dei ope i samband med arrangement.

Tunet har eigne opningstider i tidsromet 1. juni–17. august måndag–søndag: kl 1100–1700.

Frå 20. juni - 16. august er det omvisning kvar heile time. Framsyning av dokumentarfilmen om Ivar Aasen kvar halve time.

Tlf. +47 700 47 570

Les meir

Kart

Nybygget i Aasentunet, teikna av den verdskjende arkitekten Sverre Fehn. Foto: ØNK
Aasentunet Foto: Humberset foto
Aasentunet Foto: ØNK

Sivert Aarflot-museet

Sivert Aarflot var bondesonen med 22 dagars skulegang som vart ein av dei fremste folkeopplysarane på Nordvestlandet. Aarflot sin kunnskapstørst var vid: frå praktisk jorddyrking til teoretisk astronomi.

Kunnskapen skulle delast og formidlast vidare. Han vart lærar og lensmann, og han grunnla både bibliotek, trykkjeri og avisa Norsk Landboeblad. Avisa kjem framleis ut i Volda, under namnet Møre.

I Sivert Aarflot-museet, som ligg på Ekset i Volda kommune, der han budde og dreiv trykkjeri, fortel vi historia om denne nybrottsmannen og folkeopplysaren.

Museet held ope torsdagar kl 1200-1600 i tidsromet 22. juni-17. august. Elles ope etter avtale.

Sivert Aarflot-museet er ein del av regionmuseet Viti.

Tlf. +47 702 39 000

Les meir

Kart

Sivert Aarflotmuseet Foto: Marius Beck Dahle

Volda Elektriske Mylne

Ved Mylnå kan du sjå gammalt handtverk i drift. Her blir ulike konrnsortar malne på gamle steinkverner frå 1930-talet. Denne bedrifta har fått mange utmerkingar, mellom anna Olavsrosa frå norsk kulturarv for "førebiletleg kombinasjon av tradisjonell bruk og modernisering av det tekniske utstyret gjennom å oppretthalde ein unik handtverkstradisjon".

Ta kontakt for omvisning.

Tlf. +47 958 16 219

Les meir

Kart

Volda Elektriske Mylne Foto: Mylnå

Folkemusikkarkivet

Viti Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal har som oppgåve å dokumentere og formidle kunnskap om folkemusikken og folkedansen i fylket. I tillegg til å hjelpe utøvarar og andre interesserte med å finne stoff i det rikhaldige arkivet, driv Folkemusikkarkivet aktivt formidlingsarbeid gjennom kurs, seminar, konsertar og publikasjonar, og gjennom produksjonar for Den kulturelle skulesekken. Viti har ei stor notesamling,faglitteratur, lyd- og videopptak. Viti Folkemusikkarkivet har kontorstad i 2. høgda på Spinneriet i Volda og tek i mot publikum etter avtale.

Kart

Other Posts

Matøskja - DNT Sunnmøre

DNT-turar i Volda og Ørsta

DNT Sunnmøre har sett opp eit variert og kjekt program i den vakre naturen i Ørsta og Volda. Det blir både friluftsskule, fjellturar og Naturfestival.
Read more
Naustet Foto: Eline Viddal Rød- Indiefjord

Festivalar I ØRSTAVOLDA 2025

Velkommen til hjartet av Sunnmørsalpane, der fjord møter fjell og kulturen blomstrar! I 2025 kan vi presentere eit mangfald av festivalar med musikk, matkultur, ølbrygging, ekstremsport og fellesskap i Ørsta og Volda. Er du på jakt etter intime konsertopplevingar, livlige folkefestar eller hasardiøse stunt? Ørsta og Volda har garantert noko for deg! Set av datoene, samle venegjengen og bli med på eit år fylt med opplevingar du seint vil gløyme!
Read more