
Håkon Bleken er ein av dei aller fremste norske samtidskunstnarane. Kanskje den største. Gjennom nesten heile etterkrigstida har han sett sitt tydelege preg på utviklinga av maleriet, teikninga og grafikken i Noreg.
Heilt til dagen før han døde, 21. januar i år, 96 år gamal, arbeidde han med nye bilde. I 2024 hadde han ti store utstillingar rundt om i landet. Dei fleste bilda, som er med på utstillinga i Kunsthuset i Ørsta, er frå 2022, 2023 og 2024.
Svein Erik Bakken har hatt gleda av å samarbeide med Håkon Bleken i over sju år.
«Til sammen har jeg besøkt Bleken 25 ganger og henta nye trykk. Resultatet så langt er salg av over 480 verk. I flere år var jeg den som solgte flest grafiske verk for han her til lands», fortel Bakken, som ikkje legg skjul på at han føler seg privilegert som har fått arbeide tett i lag med ein kunstnar av Håkon Bleken sitt format.
Salsutstillinga vil elles innehalde skulpturar i bronse av Kirsten Kokkin og teikningar av Mali Annette Hoel. Kokkin er ein av Noregs mest kjende figurative skulpturkunstnarar. To av skulpturane hennar, finn du i Slottsparken. Det er skulpturen av kronprinsesse Märtha og skulpturen, «Turdronninga», til dronning Sonjas 80 års dag. Verka hennar er brukte i offentlege utsmykkingar både i Norge og USA. Mali Anette Hoel er teiknar og målar frå Oppdal. Sidan 2010 har ho drive «Galleri Mali» i Oppdal. Gjennom teikningane ser ho med skråblikk på kvardagssituasjonar som kan oppstå i eit lite bygdesamfunn. Verka hennar formidlar allmenngyldig bodskap om problemstillingar mange kan kjenne seg igjen i. Teikningane til Hoel er prega av lun humor og stikk av melankoli.
Under opninga vil gallerist og Bleken-kjennar, Svein Erik Bakken, fortelje om mange års tett og givande samarbeid med Håkon Bleken, og om bilda som er med på utstillinga. Bakken vil vere til stades alle utstillingsdagane.
Volda og Ørsta kunstlag er glade for å kunne invitere publikum til denne spennande utstillinga!

Kunsthuset i Ørsta 21. – 24. august 2025
Opning torsdag 21. august kl. 1800.
Opningstider:
torsdag kl 1800-2000
fredag, laurdag kl 1200-1700
søndag kl 1300-1600
Other Posts

DNT-turar i Volda og Ørsta

Festivalar I ØRSTAVOLDA 2025
