
Malar og grafiker Sylvi Aambø frå Ørsta, viser bilete som byr på eit frodig univers av figurar, dels utforma som grafikk, dels i papircollage og pastell, dels i maleri. I billedspråket er det humor, muntre innfall og fantasirik næring både for tankar og sansar. Den personlege eigenarten som pregar bileta. gjer dei til noko sterkare enn trendbilete. Kvart enkelt bilete inneheld ei forteljing og ei fordjuping, men ikkje eit opplagt svar på livets evige gåte. Estetisk nyting er ein del av framstillinga, der både kunstnar og betraktar tar del i den.
På opningstagen vil kunstnaren vere til stades og det blir diktlesing ved Harald Aambø.
Opningstider:
Fredag 2. mai kl 1800-2000
Deretter torsdag, fredag og laurdag kl 1200-1600
Adresse: Webjørn Svendsensgt. 7, Ørsta.
Other Posts

Festivalar I ØRSTAVOLDA 2025

Konsertar med Jazzklubben våren 2025
