Smakfulle buffèar ved Havila Hotel Ivar Aasen våren 2025

25. april kl 1800-2100

Klassisk tapas

Nyt Restaurant Varde sin klassiske tapasbuffè, nøye samansett av kjøkkensjefen sine favorittar.

På menyen finn du både kalde og varme delikatesser som:

Tortilla de patatas, bruschetta og tomatsalat med ferskost og basilikum, sticky chicken wings, potet bravas og asiatisk pork belly.

Les meir

Fredag 23. mai kl 1800

Steakhouse med Roy

Tidlegare har Roy imponert gjestane ved Restaurant Varde med sin storfebuffèè og Texas BBQ. Denne gongen tek han det til eit nytt nivå med  Steakhouse som tema.

Roy er ein av dei mest anerkjende kjøttentusiastane på Sunnmøre, kjend for sin lidenskap, kunnskap og presisjon.

Det blir lova ein fyrsteklasses Steakhouse-buffèè, nøye komponert av Roy og kjøkkenteamet ved Havila Hotel Ivar Aasen.  Du vil då få smake på ulike stykningsdelar, perfekt laga og servert med klassisk tilbehøyr som høyrer heime på eit ekte steakhouse.

Tid: Buffè frå kl. 1800–2100 (kom når det høver best!)

Pris: 595,- per person | 0-4 år: gratis | 4-12 år: halv pris

Ting bord no for å sikre deg plass her

Other Posts

Kunstutstilling Sylvi Aambø- Livsreise i fargar og energi- salsutstilling //Kunsthuset

Fredag den 2. mai opnar det ei ny kunstutstilling i regi av Volda og Ørsta kunstlag. Kunstnaren som blir presentert denne gongen er Sylvi Aambø. Utstillinga vil vere tilgjengeleg frå 2.- 31. mai.
Read more
Naustet Foto: Eline Viddal Rød- Indiefjord

Festivalar I ØRSTAVOLDA 2025

Velkommen til hjartet av Sunnmørsalpane, der fjord møter fjell og kulturen blomstrar! I 2025 kan vi presentere eit mangfald av festivalar med musikk, matkultur, ølbrygging, ekstremsport og fellesskap i Ørsta og Volda. Er du på jakt etter intime konsertopplevingar, livlige folkefestar eller hasardiøse stunt? Ørsta og Volda har garantert noko for deg! Set av datoene, samle venegjengen og bli med på eit år fylt med opplevingar du seint vil gløyme!
Read more

Konsertar med Jazzklubben våren 2025

Svingande rytmer og jazzmagi i Jazzklubben Volda Ørsta våren 2025. Jazzklubben presenterer denne herlege konsertrekkja: LEAH, Sanyo & DJ, Blue Horn, Rohey Duo og Jilb!
Read more