Stemningsfull førjulstid ved Havila Hotel Ivar Aasen

Julebord

28. november- 13. desember

Kvar fredag og laurdag (ikkje 12. desember)

Førjulstida har lange tradisjonar ved Havila Hotel Ivar Aasen. Fredag 28. november og 05.desember, laurdag 29. november samt 6. og 13.desember inviterer dei til julebord med ein rikhaldig buffè.

Restaurant Symra kombinerer tradisjonsrik julemat med gode smakar frå lokale råvarer, lun atmosfære og levande musikk som held festen i gang til langt på natt.

Kvelden startar med julebuffè frå kl 1800 til kl 2100, der du kan nyte både varme og kalde rettar, samt eit rikt dessertbord. Etter middagen opnar baren, og stemninga stig når KS Duo tek scena kl 2100. Med gitar, bass og fleirstemt song leverer dei eit variert repertoar som inviterer både til allsong og dans – heilt fram til kl 0200.

Samle venner, familie eller kollegaer og bli med oss for ein festleg kveld fylt med tradisjonelle julesmakar og koselege, gledelege augneblink!

PRIS:

  • JULEBORD895,- per person, drikke er ikkje inkludert.
  • JULEBORD MED OVERNATING, 2 pers. i dobbeltrom (standard rom): 1.495,- per person, 1 person i dobbletrom 1.945,- per person, inkludert julebord og frukost.

Julelunch eller julemiddag

frå 17. november til 19. desember

Restaurant Symra tilbyr julemat kvar dag - servering skjer på førespurnad.

Førjulstida er perfekt for å samlast til eit hyggeleg måltid, anten midt på dagen eller på kveldstid. Frå 17. november kan grupper på minimum 5 personar bestille julelunch eller julemiddag hos oss.

På menyen står klassiske julerettar som:

  • Juletallerken: Pinnekjøtt, svineribbe, dampa mør og potet. Servert med kålrabistappe, raudkål og surkål.
  • Lutefisktallerken : Lutefisk av klippfisk med potet, ertepuré, bacon og sennepssaus.
  • Juletorsk: Smørdampa ringerikspotet, ertepuré, gulrotstavar, bacon og sandefjordsmør.

Dessert: Appelsin- og kanelostekake på pepperkakebotn, servert med vaniljemarinerte bær.

Pris: 535,- per person.

Ingen jul utan lutefisk!

21.november og 12.desember

Havila Hotel Ivar Aasen serverer denne norske klassikaren med alt det gode tilbehøret, og avsluttar med dessert som set den rette julestemninga. Her blir det klassisk lutefisk av tørrfisk og klippfisk med mye godt tilbehør som blant annet sprøstekt bacon, ertepure, Ringerikes poteter  

Pris: kr 595,- per person

Bestill

Other Posts

Stemningsfull førjulstid // Ørsta/Volda

Førjulstid i Ørsta/Volda Når mørketida kjem, treng vi dei små høgdepunkta som lyser opp kvardagen. I Ørsta og Volda kan du glede deg over arrangement som skaper glede og gjev den gode førjulsstemninga – frå konserter og kulturkveldar til koselege familieaktivitetar. Her får du oversikta over det som skjer i vekene fram mot jul. (og i jula). Finn dine favorittar og del førjulsmagin med nokon du er glad i.
Read more
Teikning: Robert Steinnes

Kunstutstilling: «Bortkasta tid» //Kunsthuset i Ørsta

🎨 Kunstutstillinga «Bortkasta tid» – eit møte mellom skapande praksis og refleksjon 6.-15. november 2025. Kva skjer når lærarar i kunstfag tek seg tid til å vere utøvande kunstnarar igjen? Resultatet får du sjå i Kunsthuset i Ørsta, der institutt for design, kunst og handverk ved Høgskulen i Volda presenterer utstillinga «Bortkasta tid» – ei hylling til skaparglede, utforsking og nye perspektiv.
Read more

Tradisjonsrik julemat og god stemning //Holmen mat & drikke

Book julebord hos Holmen – tradisjon, smak og god stemning i Volda. Julebordssesongen er rett rundt hjørnet, og hos Holmen Mat & Drikke i Volda er dei klare for å servere gode smakar og ekte førjulsglede.
Read more